Vil frede skulestrukturen

Hareid Venstre sin ordførarkandidat, Annika Brandal, presiserar i dagens utgåve av Vikebladet kva Hareid Venstre meiner om skulestrukturen i kommunen. I korte trekk seier ho at langsiktig forutsigbarheit er viktig, og at Venstre ønskjer å frede skulestrukturen slik han no er og i neste periode – heller enn å late skulestrukturen bli debattert kvar gong budsjettet skal handsamast.

Det aller viktigaste for Venstre er imidlertid innhaldet i skulen – skulle framtida syne at ein kan gi elevane eit betre tilbod samla sett om ein gjer om på skulestrukturen, er det en debatt Venstre vil ta – men premisset er at strukturen ligg fast i perioden 2015-2019.

Faksimile av saka (Vikebladet, 10. september 2015) kan du lese her.

Hareid Venstre sin ordførarkandidat, Annika Brandal
Hareid Venstre sin ordførarkandidat, Annika Brandal

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**