Venstre berre få stemmer unna sikker plass i Fylkesutvalet

Foto: Sfj Venstre

Fylkesutvalet er det viktigaste utvalet i Fylkestinget, og no er Venstre få stemmer unna tre mandat ved valet og sikker plass. – Førdefjorden treng ei røyst i Fylkesutvalet. No tel kvar einaste stemme, seier Gunhild Berge Stang.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

I siste måling utført av Bergens Tidende og NRK Sogn og Fjordane får Venstre 6,9 prosent oppslutnad ved fylkestingsvalet. Det gir to mandat i fylkestinget, men med nokre få stemmer til kan Venstre vippe over i tre mandat – noko som gir sikker plass i Fylkesutvalet. Dette vil vere avgjerande for viktige saker i fylket, seier førstekandidat Gunhild Berge Stang.

 

– Ta ei svært viktig sak som Førdefjorden. Viss Venstre ikkje blir representert i Fylkesutvalet, vil heller ikkje dei som er mot sjødeponi ha ei stemme i dette viktige arbeFørdefjorden foto- Tonje Sofie Eriksson idsutvalet for fylkestinget, seier ho.

 

Partia som går tydeleg mot fjorddeponiet – SV, MDG og Venstre – har til saman 15,7 prosent oppslutnad i denne målinga, noko som er ein framgang på 3,4 prosent frå førre fylkestingsval. Men berre Venstre ligg ann til å kome inn i Fylkesutvalet.

 

– Eg gler meg over at partia som kjempar for reine fjordar har framgang, no gjeld det å mobilisere i sluttspurten. Vi treng endå fleire som vil stemme for ein berekraftig miljøpolitikk, og klarer Venstre å sanke nokre få stemmer til, vil vi også få ei sterk miljøpolitisk røyst i Fylkesutvalet, seier Berge Stang.

 

Les meir om Venstre sin kamp mot fjorddeponiet i Førdefjorden her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**