Tannhelsetenesta på Lindås skal bestå

Førstekandidat for Lindås Venstre, Sveinung Toft, fylkesordførarkandidat Anne-Beth Njærheim, og listekandidat for Lindås Venstre, Rolf Nesheim., Foto: Terje Brevik

Då Venstre sin fylkesordførarkandidat, Anne-Beth Njærheim, besøkte Lindås på tirsdag var Lindås Venstre tydeleg i sitt ønskje om at tannhelsetenesta på Lindås skal bestå når tannhelsestrukturen skal handsamast av fylkestinget. Anne-Beth Njærheim stadfesta at Venstre si fylkesgruppa vil følgje oppmodinga frå lokallaget fordi ein desentralisert struktur ivaretek innbyggjarane sine behov. Vi kan ikkje endra strukturar som berre tener økonomien til fylkeskommunen utan tanke på den samfunnsmessige meirkostnaden når foreldra må køyra ungane til Knarvik. Terskelen for å bruka tenestene vil gå opp, og det er uheldig for det førebyggjande arbeidet som er så viktig. At det ikkje er eit privat tannhelsetilbod i området styrkar og argumentasjonen om å oppretthalda tannklinikken på Lindås, meiner Njærheim.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**