Fjaler treng økonomisk måtehald

Foto: Fjaler Venstre

Hogne Kvangarsnes
Fjaler kommune vil i år få eit driftsunderskot, kanskje på 5-6 mill kr – trass i at ei rekkje tøffe sparetiltak er gjennomførde . Noko av dette kan dekkast inn ved å tømme disposisjonsfondet. Men utan økonomisk måtehald vil vi nokså snart kunne ende på fylkesmannens Robek-liste. Med dette som bakgrunn meiner Fjaler Venstre det er vanskeleg å sjå korleis vi skal makte å auke tenestetilbodet til innbyggarane i dei neste fire år.
Å mane til økonomisk realisme og varsemd på tampen av ein valkamp, er kanskje ikkje ei sak Venstre vinn veldig mange nye stemmer på. Men vi er eit ansvarleg parti som vil føre ein ansvarleg og nøktern økonomisk politikk. Det er viktig at vi har orden i eige bu – og kontroll på vår eigen økonomi. Difor må vi tilpasse dagens driftsnivå i samsvar med inntektene – enten det gjeld brøyting og vegvedlikehald, skule- og barnehagetilbod, eller andre oppgåver.
Den første oppgåva det nye kommunestyret må ta stilling til i haust, er ein “straks-sparepakke “ i skule- og barnehagedrifta på ca 2,5 mill. kroner. Dette tilsvarar ca fire kommunale stillingar. Og sjølv då er vi framleis ikkje i mål med naudsynte kutt-tiltak.
Fjaler Venstre vil sjølvsagt – til liks med andre parti – arbeide for tiltak som kan gi tilflytting og meir aktivitet, og vekst i dei kommunale inntektene. Men på kort sikt er det truleg berre ein auke i eigedomsskatten som gir rask effekt. Men sjølv om vi aukar denne skatten til maksimalt nivå (7 promille), er det likevel uvisst om vi vil kome i mål. Og då har vi heller ikkje noko å gå på i eit seinare økonomisk knipetak. Difor ser Venstre føre seg at det vil vere fornuftig å halde eigedomsskatten om lag på dagens nivå i den komande perioden.
Ikkje alle partia i Fjaler har vist like god evne til økonomisk måtehald og magemål i samband med årets kommuneval. Men å love veljarane goder og velmeinte tiltak utan å kunne vise til naudsynt budsjettdekning, vert for lettvint. Store ord og spenstig retorikk gir vanlegvis ikkje meir pengar i kassen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**