Å Vestland, Vestland – når eg ser deg slik!

Foto: Astrid Larsen.

Venstre meinar at landbruket i Noreg er viktig! – For busetting i heile landet, for ivaretaking av kulturlandskap, for at maten som vert produsert er av god kvalitet og det biologiske mangfaldet.

Venstre meinar at den landbrukspolitikken som skal førast må sikre at produksjon av vår mat er trygg, langsiktig, miljøvennleg og gjerne lokalt produsert. Noreg treng ei utvikling og moglegheiter for landbruket slik at ein framleis kan bu i distriktet, for dei som vil dyrke jorda og ta vare på kulturlandskapet.

Vestlandet har lange tradisjonar innan landbruk, mat og turisme. Dagens landbrukspolitikk tek utgangspunkt i bonden som sjølvstendig næringsdrivande. Me treng ein framtidsretta landbrukspolitikk med gode tilskotsordningar kombinert med forenklingar som gjev den einskilde bonde eit større handlingsrom og auka fridom med økonomisk tryggleik i botn.

Høns og geiter

Lokalt må me satse på nisjeaktivitet og ta vare på dei gode ideane, der grundere med grønt fokus får større plass. Ser me til andre europeiske land med liknande geografi og små lokalsamfunn har me mykje å verte inspirert av, å ta lærdom av.

Vårt regelverket for produksjon, distribusjon og servering av mat og drikke er ofte ein hemsko for at produsentar skal lukkast. Her vil ei satsing på geografisk merking med kvar produktet kjem frå, vere viktig saman med ein liberalisering av regelverket for foredling av mat på eiga gard for å stimulere til større mangfald. Sjølvsagt under føresetnad av at matvaretryggleik vert oppretthalden.

Lokal produksjon og omsetnad av alle typar drikkevarer bør tillates, det har Venstre vore forkjempar for. Lokale produkt til sals i eigen kommune saman med ivaretaking av kulturhistorie, identitet og kulturlandskap, er viktig for dei neste generasjonar og for framtidig næring og turisme.

Epleblomstring Vestlandet er kjent for sine lange og bratte fjordar, der fjordane årleg trekker veldig mange turistar frå utlandet. Kven vil besøke vestlandet i framtida om ikkje lokalsamfunna vert ivaretekne igjennom landbruket, gardsbruka – små eller store, steingardar, frukthagar, fruktblomstring, gardsbutikkar, opne kulturlandskap med beitande sauer, hest og kyr.. ?

Me må få auka bevissthet og kunnskapen om det nære forholdet mellom lokal- mat og kultur, og stimulere til samarbeid mellom ulike aktørar som har interesse for å fremje lokalmat og kultur.

Vestlandet er rikt på kulturminner. Venstre vil vere pådrivar for å gje eigare av kulturminne og gamle bygningar større stønad ,vegleiing og fokus for ivaretaking, slik at arbeidet før forfall kan starte så tidleg som mogleg. Ein bør stimulere til entreprenørskap lokalt for å sikre opne landskap ved fjordar, langs vegar og til kulturminne.

Landbruket vårt har so mykje å by på og utvikle seg på! Verdien av det heng saman med jordvern, reguleringsplanar, lokale satsingsområde og politikk lokalt og nasjonalt – i møte med den einskilde gardbrukars interesse og motivasjon, dei generasjonar som kjem etter oss og som me håpar vil sjå verdien av landbruket – små og store einingar på Vestlandet.

Då vil me framleis nynne songen Vestland med glede og framtidstru!

 

Tove Kristin Sleire Tistel, 4. kandidat Masfjorden Venstre og 7. kandidat Hordaland Venstre og Anne-Beth Njærheim, fylkesordførarkandidat Hordaland Venstre

 

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**