Valdebatten

IMG_2232 (Foto: Sogn Avis)

Arbeidarpartiet, SV, KrF, Høgre, Senterpartiet, Venstre og Bygdalista stilte til debatt på Kviknes hotell den 7. september.

Tema for debatten var kommuneøkonomi, kommunereform, oppvekst/skule, omsorg/helse og samferdsle/næring. Terje Søreide var debattleiar. Det var ganske bra frammøte til debatten, kring 100 personar i salen.

Alle partia stilte med sin førstekandidat, med unnatak av Venstre. Hanna Menes er travelt oppteken med skule og eksamen, og 2. kandidat Vidar Roseth stilte difor i debatten.

Den innleiande diskusjonen om kommuneøkonomi viste at partia er nokså samde om at det er viktig å stå samla overfor sentrale styresmakter for å syte for rammevilkår som gjer det mogeleg å bu i distrikta og få eit likeverdig tenestetilbod, ikkje minst i høve til det varsla nye inntektssystemet frå 2017. Sidan kommunane sine inntektsrammer no er så avhengige av innbyggjartalet, men også av andre årsaker, er det viktig å legge til rette for at ein kan oppretthalde busetnaden i kommunen. Busetting av flyktningar er ein naturleg del av dette.

Partia var også samde om at kommunesamanslåing berre er aktuelt dersom dette er noko som vil tene innbyggjarane i noverande Balestrand. Bygdalista sin representant tok til orde for krinsvis avrøysting om dette spørsmålet, og Venstre følgde opp med at det må vere mogeleg å vurdere ein del av kommunen annleis enn andre.

I høve til oppvekst og skule var det litt ulik vektlegging. Vidar Roseth framheva at dette er grunnsteinen for det meste, og at god læring og trygg oppvekst også har viktige helsemessige effektar. Når det gjaldt grendaskulane, var alle partia opptekne av dette spørsmålet. SV såg det som ønskjeleg å gjenopprette skuletilbod for 1.-4. trinn i grendene, men ønskte uansett at 5.-7, trinn skal vere ved Sagatun skule. Dei andre partia var meir opne. Bygdalista og Senterpartiet var mest absolutte i høve til at det må vere skule i grendene, medan Venstre følgde godt opp og understreka at dette har høg prioritet.

Det var semje i panelet om at Balestrand kommune har eit godt helse- og omsorgstilbod i dag. SV og KrF syntest mest innstilte på å vurdere ressursbruken innan dette tenesteområdet, dvs at det kan ligge an til reduksjonar. Vidar Roseth framheva betydninga av innsats i barnehage og skule og at «ein god barndom varer livet ut», og tok også fram nokre av poenga i Venstre sitt program (m.a. organisering av tenester saman med og rundt pasienten). Alle var opptekne av akutt-tenestene, og at det m.a. er viktig å følgje med på om opplegget i høve til ambulansetenesta er forsvarleg.

Hovudtrekka i samferdslesatsingane var det brei semje om. Fleire av partia, deriblant Venstre, understreka at det er svært høgt prioritert at Sognebåten vert vidareført.

Les elles Venstre-representanten sitt sluttinnlegg, eller «appell» nedanfor:

«På Balestrand Venstre si liste til valet meiner vi det finst kandidatar med ein variert og god erfaringsbakgrunn, som vil kunne bidra til eit godt samarbeid, både med andre parti og med administrasjonen, om utvikling av kommunen. Vi har ein førstekandidat som er både ungdom og kvinne, og det er både sjeldan og viktig. Vi trur vi skal kunne forstå det som administrasjonen legg fram for politikarane og kommunisere godt om det.

Balestrand Venstre ser det som viktig at kommunen opprettheld eit godt tenestetilbod, og det har vi god tru på at kommunen skal klare. Eit ledd i dette, er eit godt skuletilbod som helst skal vere desentralisert. Ein skal vere trygg på at partiet vil snu kvar stein for å finne ut om tilbodet i grendene kan reetablerast. Det ønskjer vi, om det er mogeleg innanfor den heilskapen som alle politikarar må ta omsyn til.

Kanskje kan det vere grunn til å vurdere kommunestrukturen. Men kommunesamanslåing skal berre skje dersom innbyggjarane i Balestrand er tente med det.

Vi er optimistiske når det gjeld perla ved Sognefjorden. Her vil det alltid vere folk som ønskjer å bu. Det skjer mykje positivt, jfr oppsummeringa til ordføraren. Og etter kvart som kommunikasjonane og annan infrastruktur betrar seg og teknologi og breiband gjer at du kan arbeide med mykje kor som helst, vil kommunen få eit oppsving att. Vi trur at Venstre kan vere med og gi eit godt bidrag vidare.»

 

 

 

 

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**