Sogn og Fjordane treng ein ambisiøs næringspolitikk!

Gunhild Berge Stang, Fotograf Vidar Helle

Venstre får merksemd rundt sin gode politikk på miljø og skule, men har samstundes i alle år hatt eit omdømme som eit næringsvenleg parti, spesielt for små og mellomstore bedrifter. Dette er spesielt viktig i eit fylke som Sogn og Fjordane kor dei små og mellomstore bedriftene ikkje berre er ryggrada i næringslivet vårt, men i heile samfunnet vårt. Eit blømande næringsliv er den største garantisten for ein spreidd busetnad og den viktigaste faktoren for å styrke den langsiktige økonomien i distrikta.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Godt over 20 000 jobbar relatert til oljenæringa har forsvunne i Noreg sidan januar i fjor. Og vi ser at fleire jobbar vil forsvinne. Dalande oljepris og eit sterkt aukande kostnadsnivå som følgje av kraftig investeringsvekst sidan 2010, har medført at oljeselskapa no kuttar i sine investeringsbudsjett, noko som igjen råkar bedriftene som leverer tenester til oljeselskapa. Fleire viktige bedrifter i Sogn og Fjordane har fått smake på den vanskelege marknadsituasjonen, og når det ser ut til at den låge oljeprisen vil vare ved, så må vi forvente at endå fleire vil merke det.

Sogn og Fjordane er kjenneteikna av at vi har eit breitt spekter av små og mellomstore bedrifter som tenar pengar, byggjer arbeidsplassar og skapar verdiar for eigarar, som igjen vert investert i ny vekst. Desse bedriftene er nøkkelen til omstilling mot eit framtidig grønt næringsliv. Dei krevjande tidene gjere Difor er det viktig med fleksible løysingar

Venstre føreslår 25 viktige tiltak som vil gje ein vekst i grunderskap og nyetableringar, men som også vil vere viktige tiltak for å støtte opp om nyskaping og vekst i eksisterande bedrifter. Dømer på slike tiltak er:

  1. Fjerne arbeidsgjevaravgifta dei tre første åra for nystarta bedrifter med mindre enn fem tilsette
  2. Styrke sjølvstendige næringsdrivane sine sosiale rettar knytta til eigen sjukdom og pensjon, slik at dei har like vilkår som andre arbeidstakarar
  3. Styrke SkatteFunn-ordninga og føre inn att støtta til ulønna forskingsinnsats
  4. Fjerne arbeidsgjevaravgifta for lærlingar og auke lærlingtilskotet
  5. Innføre ei førehandskvalifisering av investorar, såkalla forretningsenglar. Det vil seie at eit nystarta selskap som får ein sertifisert investor til å gå inn i selskapet, automatisk vil få stipend som er likt 100% av investert sum, inntil kr 1,5 millionar.
  6. Redusere selskapsskatten til eit nivå som er konkurransedyktig samanlikna med våre naboland.
  7. 18 andre målretta tiltak som vil skape fleire nye bedrifter og utvikling i eksisterande næringsliv.

Venstre har valt å lytte til næringslivet og gjev her dei beste løysingane på dei problemstillingane som næringslivet tek opp. Venstre oppfordrar deg til å stemme på næringslivet i fylket – stem Venstre!

 

 

Gunhild Berge Stang

Fylkesordførarkandidat, Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**