I dag møttest alle toppkandidatane for dei tolv politiske partia som stiller til val i Fjell, til debatt på rådhuset. For Fjell Venstre møtte Olav Kobbeltveit, som mellom anna argumenterte for at kommunestyret må ta sterkare styring over utviklinga i Fjell. Eit anna viktig punkt var korleis kollektivtrafikken og innfartsparkeringa kan gjerast betre, både før og etter opninga av eit nytt Sotrasamband. Vidare la Kobbeltveit vekt på at Fjell kommune skal ta sin del av ansvaret og kostnaden når det gjeld å hjelpa folk som er på flukt.
Arrangør av debatten var Vestnytt og Fjell faglige forum.