Måndag 07.september var det debattmøte på Kulturhuset på Husnes i regi av LO og Utdanningsforbundet. Skulebruksplanen vart eit tema, og her er Venstre heilt tydelege.
- Venstre ynskjer at lærarane skal få tid til å utøve yrket sitt. Venstre vil styrke administrasjonen på skulane, slik at lærarane kan bruke meir tid til kvar elev. Kvinnherad brukar meir pr. elev enn kommunesnittet, men berre rundt halvparten på administrasjon. Dette gjer at lærarane må nytte verdifull tid på administrative oppgåver.
- Venstre vil la dei lærarane som ynskjer det ta etter- og vidareutdanning, slik at dei vert enno betre pedagogar enn dei er idag. Dette gjeld og ufaglærte som ynskjer å satse på ei lærarutdanning.
- Venstre vil samarbeide med dei tilsette i skulane, slik at ein kan samlast om ein langsiktig plan for korleis skulen i Kvinnherad skal vere. Eit større pedagogisk miljø med betre tilpassa bygg vil gjere skulen betre for både tilsette og elevar.
Venstre kjem til å nytte høyringsperioden til å høyre på alle innspel som kjem inn, og er alltid opne for dialog. Ynskjer din skule besøk av Venstre er de hjarteleg velkomne til å ta kontakt.