Sogn og Fjordane tykkjer det er viktig å sette ungdom først. Vi har valt å satse på framtida og valt å sette ungdommen i første rekke. Det verte stadig viktigare og viktigare for vårt vakre fylke å tenke framover i tid. Vi verte stadig fleire eldre, men stadig færre unge. Og det å ikkje tru på at ungdommen flyttar frå Sogn og Fjordane, er som å ikkje tru på at Voldemort kjem tilbake i Harry Potter fem. Det går ikkje an.
So kvifor skal du stemme Venstre? Kva kan vi gjere for at ungdommen skal komme tilbake? Kan vi på magisk vis berre knipse med fingrane so kjem ungdom tilbake før sola har stått opp?
Vel, diverre so har ikkje eg vorte fylkets Harry Potter heilt enno, men vi i Venstre vil gjere grep. Vi vil gjere det enklare å vere ung i Sogn og Fjordane og vi sørgje for at framtida er grøn, lys og optimistisk.
Eit døme på eit av bidraga våre til ei grøn og lys framtid er gratis kollektivtransport. Vi går til val på å gjere kollektivtransporten i fylket gratis for ungdom. Det gjere vi av nokre veldig enkle grunnar. Det skal verte enklare for ungdom å kome seg frå A til B, det skal lønne seg å ta dei grøne vala og jo tidlegare ein startar med ein god vane, jo enklare verte det å vidareføre den.
Venstre har eit ynskje om å behalde dagens skulestruktur. For vår del verte det viktig å forsvare dagens skular til siste nikk. Vi tykkjer det er viktig med ei godt, bredt og desentralisert skuletilbod i Sogn og Fjordane. Vidaregåande skular verte Venstre sin topprioritet på fylkestinget!
Skuleungdommen er også bærebjelkar i lokalsamfunna sine. Dei er fotballtrenarar, danseinstruktørar, barnevakter, deltidstilsette på den lokale sjukeheimen, i kassa på nærbutikken eller støttekontakt for ungdom som kanskje ikkje har det so lett.
Ungdommen gjer ein strålande jobb rundt om i kommunane, og det ynskjer vi å bidra til at dei kan fortsette med.
Men kanskje det viktigaste ein kan gjere for at ungdom skal kome tilbake til Sogn og Fjordane er å sørgje for at her er eksisterande arbeidsplassar eller at ein kan skape nye. Vi i Venstre vil gjere det lettare for ungdom å etablere seg, både på bustads- og arbeidsmarknaden. Vi skal stå parat til å hjelpe unge gründerar å etablere bedrifter. Ved å kutte i næringsbyråkratiet kan pengane heller gå rett til gründeren i form av skattestimuli, etableringstilskot, såkornmidlar og risikokapital. Det vil kunne sørgje for fleire arbeidsplassar i Sogn og Fjordane og ei enno betre utvikling både på folketal og økonomi.
For å kunne byrje på å avslutte innlegget mitt vil eg legge ved ei lita liste for kvifor Venstre kan vere partiet for nettopp deg:
- Jobbe for fleire lærlingplassar.
- Ei større satsing på forholdet mellom skule, kommune og privat næringsliv for å få fleire ungdom ut i bedriftene.
- Få fleire helsesystrer inn i skulen.
- Ei styrka satsing på høgskuletilbodet i Sogn og Fjordane ved å byggje ut tilbod, spesielt retta mot næringslivet.
- Ei auka satsing på dei grøne arbeidsplassane.
- Jobbe for utflytting av fleire statlege arbeidsplassar ut i distrikta.
- Legge ei plan for utbygging av høgkapasitets breiband til alle innan 2020.
So kjære ungdom, eg vonar at eg her har fått dykk til å tenke nøye igjennom kva de skal stemme 14 september. Eg vonar eg har fått auga dykkar opp for dette grøne, framtidsretta partiet som vil sette dykk i førarsetet. Eg vonar eg har fått auga dykkar opp for Venstre.
Måndag smell det, og di røyst kan vere med å avgjere. Eg vil oppmode alle om å bruke røysteretten sin på valdagen.
Eg vonar de vel å stemme på framtida. Eg vonar de vel å stemme på ungdommen. Eg vonar de vel å stemme grønt og liberalt. Eg vonar de vel å stemme på Venstre. Godt val!
Daniel Gangeskar,
Ungdomskandidat/4.kandidat for Sogn og Fjordane Venstre