Meir om Balestrand Venstre si liste til valet

Hanna Menes 1. Hanna Menes
Hanna Menes er 24 år og vil i haust bli ferdig utdanna fengselsbetjent. Balestrand Venstre ser det som ein styrke å ha ein førstekandidat som både er ung og kvinne, fordi det jamt over er mangelvare i politikken. Hanna har engasjert seg i ungdomspolitiske spørsmål både lokalt og på fylkesplan og også delteke i kommunepolitikken i Balestrand. Ho er ein aktiv person.

Vidar Roseth 2. Vidar Roseth
Vidar Roseth (56) har vore rådmann i Balestrand i 16 år og er no samhandlingssjef i Helse Førde. Som rådmann hadde han ein del verv i KS (kommunane sin organisasjon) både i fylket og på landsplan, og han kjenner kommuneforvaltninga godt. Vidar har vore spesielt engasjert i barnehage- og skuleutvikling og har no også fått god innsikt i helsetenestene.

Jarle Geithus 3. Jarle Geithus
Jarle Geithus (58) er bankmann med hjarte for Balestrand. Han har vore med i politikken i kommunen i mange år. Også han har innsikt i den kommunale verksemda og m.a. gode føresetnader for å forstå tal, som er viktig når ein skal drøfte styringa av kommunen.

Jon Asbjørn Målsnes 4. Jon Asbjørn Målsnes
Jon Asbjørn Målsnes (61) er fruktbonde som driv økologisk og har arbeidd i det kommunale systemet, innan helse og omsorg, i mange år. Som bonde har han hatt mange verv i ymse næringsorganisasjonar. Jon Asbjørn har lang erfaring som kommunepolitikar og har vore i kommunestyret i fleire periodar.

Merete Sande 5. Merete Sande
Merete Sande (52) kjenner mange som ei drivkraft bak Friberg kino og ein god representant for dugnadsand og frivillig arbeid. Ho seier sjeldan nei til å ta eit tak når ho blir spurd, heller ikkje innan politikken.

6. Lars Sjøthun
Lars Sjøthun (60) er økonom og teamleiar i Visma. Han har fleire styreverv og har vore delaktig i gründerverksemd i Balestrand. I tillegg er også han engasjert i frivillig arbeid og Lars har vore venstrepolitikar i ei årrekke.

7. Marianne Herland
Marianne Herland (43) er førskulelærar og har sin yrkesmessige bakgrunn frå m.a. barnehagane i Balestrand. Marianne har t.d. gode føresetnader for vere med på drøftingar om kva som skal til for å sikre «ein god barndom som varer livet ut».

8. Kari Tordis Aarskog
Kari Tordis Aarskog (72) er pensjonist. Ho har vore med i politikken i Balestrand i mange år i ulike organ. Ho brenn for den kommunen som ho kjenner veldig godt og bidreg til at venstrelista har god variasjon i erfaring og kunnskapar.

9. Reidun Thorsnes
Reidun Thorsnes (61) er hjelpepleiar og har vore ein trufast medarbeidar i kommunen sine pleie- og omsorgstenester. Ho er blant dei som kan bidra til gode politiske diskusjonar om innretninga av helsetenestene, men har sjølvsag kunnskapar og meiningar utover det.

10. Britt Grimelid
Britt Grimelid (59) har vore sentral i Balestrand-politikken i mange år og har hatt ulike verv, ikkje minst medlem i formannskapet. Ho har god kjennskap til korleis det er å drive privat næringsverksemd og har dei siste åra hatt stillingar innan oppvekstområdet i kommunen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**