Sjå Hogne sin valappell-sang på video

1. kandidat, Foto: Fjaler Venstre

Fyll opp med Venstre-folk!

Hogne med val-appell på vers

Det vanka både humring, latter og spontan applaus då Hogne fridde til veljarane med sjølvskriven sluttappell-sang under paneldebattane i Dale og på Grytøyra.

Til tonane av Lillebjørn Nilsen si vise “Eg heiter Ola Tveiten” vart teksten slik:

 

Eg heiter Hogne Kvangarsnes og er ein Venstre-mann.

Eg skyr paneldebattar, men gjer så godt eg kan!

Programmet vårt er nøkternt, men lista sterk og lang,

og inn på fylkestinget skal Gunhild Berge Stang!

Partiet er grønt og liberalt,

sudelida, sudelidei

varmt og sosialt.

sudelida, sudelidei

Om du framleis er i tvil, kan du ta ein liten kvil.

Stem så Venstre med eit smil!

Sudelida, sudelidei – hei!

tra-la-tra-la-la-la

Fyll opp med Venstre-folk, sann!

Godt val!

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**