Radøy Venstre vil ha ei målretta satsing på å få fleire innbyggjarar på Radøy gjennom bygging av fleire og meir attraktive bustader i kombinasjon med ei målretta satsing på næringsutvikling. Dette som tiltak for å betre kommuneøkonomien. Jobb nummer 1 i Radøy kommune er å betre økonomien, og det mest effektive grepet me kan gjere er å arbeide for å få fleire innbyggjarar. Då må me kunne tilby attraktive tomter ved sjøen, og få etablert fleire arbeidsplassar. For å lukast med å få fart på Radøy trengs nye idear og ein meir positiv utviklingskultur.
Kommunane får mesteparten av inntektene sine i rammetilskot frå staten rekna ut etter innbyggjartal og alderssamansetting. Når Radøy kommune har hatt gode økonomiske år med overskot, har kommunen hatt auke i folketalet. Men i fjor gjekk kommunen med underskot, noko som i stor grad skuldast færre innbyggjarar. Med andre ord vil folketalsauke kunne vere eit avgjerande tiltak for å betre kommuneøkonomien, men det er verken ynskjeleg eller realistisk med ei så eksplosiv vekst som til dømes Meland har hatt.
Noko av det første Venstre vil gjere dersom me kjem i posisjon etter valet, er å setje oss ned med byggjebransjen og aktuelle grunneigarar for å finne ut kva som skal til. Gjennom god dialog og samarbeid med byggebransjen og grunneigarar kan me lukkast i å få fram både store og små bustadutviklingsprosjekt. I Venstre ser me føre oss etablering av nye, attraktive bustadområde med sjøutsikt på Manger, på vestsida i Sæbø-området og på Bø gjennom realisering av den nye områdeplanen. Dessutan må det verte enklare å få frådelt einskildtomter, slik at folk i større grad kan få busetje seg der dei vil.
Frode Hervik,
Ordførarkandidat, Radøy Venstre
Innlegget stod på trykk i Nordhordland 5.9