«På denne bakgrunn er det vår vurdering at de miljøfaglige hensynene tilsier at innsigelsen bør tas til følge. I denne vurderingen har vi ikke foretatt en fullstendig veiing av miljøhensyn opp mot andre samfunnsmessige hensyn. I den endelige avgjørelsen av innsigelsessaken som skal foretas av KMD skal de negative miljøkonsekvensene avveies mot nytteeffektene av tiltaket i form av verdiskapning og sysselsetting ved etablering av gruve med tilhørende sjødeponering. Se nærmere omtale av dette i konsekvensutredningen for tiltaket og i brevet fra Klif av 19.3.2012. Dette er til syvende og sist en svært vanskelig avveining mellom motstridene interesser som hører hjemme i den endelig politiske sluttbehandling av innsigelsessaken.»
Etter at konklusjonen er levert, ber Miljøvernministeren direktoratet om å vurdere konklusjonen på nytt og i sterkare grad vurdere det opp mot andre samfunnsmessige fordeler med prosjektet. Miljødirektoratet kjem då tilbake med ein ny konklusjon som opnar for sjødeponi på grunn av samfunnsmessige fordeler, ikkje fordi det er tilrådeleg på eit miljøfagleg grunnlag . Til NTB 17. april 2015 kommenterer direktør Ellen Hambro endringa slik: «Anbefalingen vi ga i fjor var en rent miljøfaglig vurdering. Da hadde vi ikke gjort den vanskelige jobben med å avveie mot andre samfunnesmessige hensyn» . Ein kan tenkje sitt om Miljøvernministeren si rolle i å påverke konklusjonen, men det står likevel fast at miljødirektoratet frårår prosjektet på reint miljøfagleg grunnlag. Dei stadige påstandane om at prosjektet er tilrådd på miljøfagleg grunnlag er difor direkte usanne.
Det har elles vore lite fokus på at også Fiskeridirektoratet frårår prosjektet, dette meiner vi er like viktig å lytte til.
Prosjektet til Nordic Mining er ikkje klart for oppstart. Fleire forhold er ikkje avklara enno (utslepp, vasstilkomst, driftskonsesjon m.m) og dei må handsamast i kommunestyra før drifta eventuelt kan starte. Gruveselskapet kan difor ikkje sjå saka som ferdigbehandla, og må ta høgde for dette om dei vel å starte investeringar no.
Det store fleirtalet blant folket som bur langs Førdefjorden ynskjer ei gruvedrift velkomen, men utan sjødeponi. Vi meiner at det å trasse eit lokalsamfunn er ein uting som berre kan forsvarast i heilt spesielle tilfelle der storsamfunnet sine interesser må vege tyngre. Dette er ikkje eit slikt tilfelle når vi ser dei interessemotsetnadane som er i prosjektet, også på det samfunnsmessige. Når Venstre tek kampen vidare så er det både på grunn av dei store negative konsekvensane prosjektet har for miljø og næringsliv. Venstre vel å lytte til dei innstendige oppmodingane frå storparten av folket i lokalsamfunn og i storsamfunn, og frå fiskeri- og havbruksnæringane om at vi må stogge sjødeponiet.
Magnhild Runde, ordførarkandidat, Naustdal Venstre
Gunnar Osland, ordførarkandidat, Askvoll Venstre
Gunhild Berge Stang, fylkesordførarkandidat, Sogn og Fjordane Venstre