Vil kjempe for Dale vid. skule

Foto:Fjaler Venstre

Gunhild vil kjempe for vgs

 

“På fylkestinget lovar eg å slåst for å oppretthalde Dale vid. skule med eit godt utdanningstilbod for ungdommane våre. Skulen er svært viktig for folkesetnad og næringsliv ikkje berre i Fjaler, men for heile Hafs-regionen. Og skulen har vist over lang tid at den kan levere gode faglege resultat.”

Gunhild Berge Stang, 1. kandidat og fylkesordførarkandidat for Venstre i Sogn og Fordane, er klinkande klar i si sak.

“For Venstre er årets fylkestingsval eit tydeleg retningsval der vi set ungdom, skule og grunderånd først. Vi ynskjer difor å bygge på dagens skulestruktur og skjerme dei vidaregåande skulane frå kutt i kvalitet.”

Berge Stang meiner vidare at skule og utdanning er nøkkelen til vekst, nyskaping og tilflytting – spesielt om vi får ei sterkare kopling mellom skule og lokalt næringsliv. “Vi har allereie landets beste skule. No må vi følgje opp med å bli best på etablering for unge menneske i oppstarten av arbeidslivet.”

Gunhild er opphaveleg frå Askvoll, men flytta i fjor til Fjaler og Dale. Som mor til tre ser ho den store verdien av å ha eit vidaregåande skuletilbod nærast råd.

“Sogn og Fjordane har i dag den mest sentraliserte skulestrukturen i landet målt i andelen hybelbuarar. Og forsking viser at hybellivet kan vere vanskeleg å takle for fleire i denne aldersgruppa”, seier ho.

Berge Stang er ei svært aktiv og engasjert kvinne. Ho er leiar i Sogn og Fjordane Venstre og medlem av Venstres landsstyre. Dessutan har i fleire gongar møtt som vararepresentant på Stortinget siste perioden. Ho er også å finne på 2. plass på kommunevallista til Venstre i Fjaler. I det sivile livet er ho utdanna arkeolog og arbeider på kulturavdelinga i fylkeskommunen.

“Eg er vel det ein kan kalle eit tvers igjennom politisk menneske. Det blir i alle fall ein spennande haust med viktige og interessante oppgåver – men også med mange utfordringar. Eg håper veljarane vil stemme på Venstre og meg slik at vi kan nå målet om ei fylkestingsgruppe på tre – noko som vil gi meg fast plass i det viktige fylkesutvalet. Og ei stemme på Venstre og meg vil iallfall sikre at ein politkarar frå Fjaler får sete i det nye fylkestinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**