Valet i Luster

Jon Ove Lomheim, Fotograf Vidar Helle

”Kommunereforma” alle kommunar er pålagde å vurdera er ei ”ikkje-sak” i Luster fordi alle lokalpartia vil at Luster kommune skal halda fram som i dag eller spørje veljarane på nytt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

I dennne perioden har Venstre prioritert realisering av bustadfelt i heile kommunen. Vidare har Venstre vore ein pådrivar overfor ordføraren til å både å vera ein aktiv ombudsmann for innbyggjarane, men også ein aktiv lobbyist for komunen sine interesser på fylkes- og riskplan. Dette arbeidet er Venstre godt nøgd med.
Luster Venstre stiller liste med 21 kandidatar som vil gjera ein innsats for partiet og for at kommunen skal vera trygg og god kommune for alle. Eg stiller som toppkandidat med mål om å kunne fortsetja i formannskapet for å vera tydeleg talsperson for enkeltmenneske sine behov i heile kommunen, frivilligt arbeid og for natur og miljø for framtidige generasjonar.

  • Viktige saker for Venstre har vore jordvern, Nei til konfliktfylte kraftutbyggingar og aktivitetar der folk ferdast (døme: NEI til skuterløyper), men JA til mottak av flyktningar ”med meir” …dette skal framleis vera våre standpunkt.
  • Luster Venstre prioriterer arbeidsplassar som gjev grøn vekst, førebyggande helsearbeid og tiltak for dei unge samtidig med at me legg vekt på desentraliserte og gode tenestetilbod for barnehage, skule, pleie og omsorg. Alle skal oppleva Luster som trygg og god kommune å bu i. I samarbeid med næringslivet og ikkje minst med aktivt støtte til det frivillige arbeidet, vil me gjere kommunen meir attraktiv for å busetje seg og trivast.
  • Skule og barnehage er vår viktigaste institusjon for framtida og difor prioriterer Venstre fleire lærarar pr elev og vaksne pr unge. Me vil ha kompetanseheving og gode arbeidsvilkår for dei tilsette.
  • Venstre fekk gjennomslag for ordninga med sommarjobbtilbod for 16- og 17-åringar. Sommarjobbar for fleire og meir lærlingeplassar ser Venstre framleis som viktig å prioritere !
  • Gode ordningar for næringslivet vil alle parti vidareføre, medan me vil leggja ekstra vekt på nyetableringar og tiltak med teknologi som gjev grøn vekst. Med grøn vekst er målet å bruka naturen sine ressursar utan å øydelegga dei og bruka fornybare ressursar med teknologi som gjev lokal verdskaping (her er fleire gode eksempel med basis i landbruk og tursime og datalagringssenter ved Leirdøla kraftverk er eit anna godt eksempel).
  • Sikker og trygg mat blir viktigare med framtidige klimaendringar og mangel på produktiv jord. Dette krev betre jordvern og ein høg grad av utnytting når dyrka mark vert teke i bruk til utbygging.
  • Frivillige organisasjonar er avgjerande for gode kulturtilbod. Nokre kroner i offentleg støtte her gjev det mangedobbelte igjen av tilbod og kvalitet. Venstre vil ha auka midlar til nærmiljøtiltak, møteplassar for alle og til satsinga innan frivilligt arbeid. Saman med frivillige så kan kommunen vera i stand til å ta vare på vår store Kulturarv for komande slekter.
  • Venstre satsar på folkehelsearbeid og auka førebyggande tiltak i staden for å reparera. Dei trygda er også ein ressurs og med tilrettelegging så kan også dei som er interesserte medverke til betre tenestetilbod i kommunen. Omsorgsentera våre er under press med sentralisering og reduksjon av institusjonsplassar, men Venstre vil kjempa vidare for at sjukeheimsplassar skal oppretthaldast både på Hafslo og ”inne i Luster”
  • Venstre seier ikkje JA til alt for me vil ha nøktern bruk av vår økonomi og våre ressursar, og vil også i neste periode vera garantist for å prioritera saker som betyr noko for enkeltmenneske og miljø. Difor er ei stemme ved valet på Venstre ei god investering for framtida !

 

Jon Ove Lomheim

1.kandidat for Luster Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**