Ord, men aldri svar frå Ap

Foto: Jo Leirheim

Lesarinnlegg i Kvinnheringen 28.08.2015 Side 7.

Takk til ordførar og fylkestingskandidat for Arbeidarpartiet, Synnøve Solbakken, som på måndag omsider svarar meg på lesarbrevet mitt frå i sommar.

Venstre samarbeider gjerne med Ap om å få i stand eit betre og meir framtidsretta kollektivtilbod i heile Hordaland. Problemet er berre det at ordføraren framleis ikkje svarar på korleis Ap ynskjer å finansiere dei forslaga dei fremjar.

Eg stiller spørsmål ved om det Ap lovar i Bergen, heng på greip med det dei lovar i resten av Hordaland, og eg spør om korleis partiet har tenkt å finansiera alle lovnadane sine. Hordaland Ap har i inneverande periode fått sitt fylkesbudsjett kjent ulovleg av fylkesrådmannen, og dei har kjempa med nebb og klør mot innsparingar i anbodsrundar.

Ap vil kutta anbodet i fylket, der fylket sparar 250 mill som har vore med på å sørgja for opp mot 40% auke i kollektivreisande dei siste fira åra. Anbodet utgjer 1 av 5 bussavgangar i Hordaland. Samstundes seier Ap at dei skal særleg prioritera Bergen. Det er fint – Bergen har framleis utfordringar forårsaka av lokal motvilje mot bilbruksreduserande tiltak (der køprising vert innført frå 2016 etter initiativ frå Venstre).

Venstre ynskjer å auke rutetilbodet. I heile Hordaland. I tillegg ynskjer me å redusere talet på takstsoner. Og samarbeider gjerne med Ap om dette, men Venstre er òg eit ansvarleg parti som set tæring etter næring. Det er derfor eg gjerne vil ha svar på: Kor har Arbeidarpartiet tenkt å ta pengane frå? Korleis går reknestykket til Arbeidarpartiet opp? Kuttar de i Kvinnherad for å fjerna anbodet? Venstre har drege med Frp og Høgre på auka kollektivsatsing i heile Hordaland. Og me har finansiert den med alle verkemiddel fylkeskommunen har. Eg trur ikkje veljarane treng å bli fortalde at Venstre er for kollektivtrafikk, det veit dei. At Ap vil ha kollektivtrafikk er òg flott, men partiet må òg forklara korleis lovnadane går opp, eller overlata ansvaret til Venstre som veit at godt kollektivtilbod kostar.

Geir Angeltveit, 3. kandidat til fylkestinget,Hordaland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**