Venstre tek medansvar for langsiktig bygdeutvikling i Lindås

Foto: Lindås Venstre

Heile Lindås ligg nært opp til Bergen,og alle grendene våre ligg igjen nært opp til flotte tettstadar som Knarvik, Ostereidet, Lindås og Alversund. Lindås Venstre meiner Lindås kommune treng ein betre bygdepolitikk med fokus på langsiktig planlegging, for å oppretthalda trua på at det gode livet kan levast i alle dei flotte bygdene Lindås har. Me treng politikarar som både vil og evner å gje signal om langsiktig tryggleik til alle dei unge som lurer på kor dei skal busetja seg.

Det er minst tre spørsmål dei unge treng gode svar på før dei vel å investera seg tungt inn i bustadmarknaden (om landskapet der er aldri så kjent og kjært!). Dei spør seg:

1. Er det butikk i krinsen vår om 20 år?

2. Er det skule/ barnehage her om 20 år også ?

3. Er det framleis kulturelle aktivitetar når me vert gamle i bygda, og vil barna våre då kunna bu her, jf. spm 1 og 2 om skule og butikk.

Vert dei for usikre på desse spørsmåla, så kjem sjølvsagt tvilen inn, og då vågar dei ikkje å satse på heimbygda si lenger. Lindås Venstre meiner at nærleiken til den store arbeidsmarknaden gjer at folk ønskjer å busetja seg alle krinsane i Lindås kommune, om berre me politikarar gjev bygdene fred og trygge rammer når det gjeld å oppretthalda skulane og barnehagane. Då klarar ofte butikken seg også… Men då kan ikkje partia prata om å leggja ned offentlege tilbod kvart andre år, eller laga nye kommunedelplanar kvart 4 år, som legg opp til nedleggingar og store strukturendringar.

Nei, her kjem oppmodinga frå Venstre: La krinsane få fred, la dei få utvikla sitt potensiale, og la dei unge få behalda trua på at det finst gode liv å leva i heimbygda framover, utan fare for kommunal nedlegging og forfall !

Lindås Venstre vil med dette lova å vera garantist for ei slik langsiktig tenkning, og i tillegg arbeide for at det kjem nye bustadtomter i alle krinsane våre.

 

Sveinung Toft

førstekandidat til Lindås Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**