Venstre meiner at kulturhuset skal ligg sentralt ved Knarvik Senter

Foto: Lindås Venstre

Ut frå oppslag i lokalavisene ser eg at mange parti og politikarar ønskjer å plassera eit framtidig kulturhus oppe ved den vidaregåande skulen. Andre igjen snakkar om Flatøy eller nede ved kaien, eller heilt andre stadar, utan at eg får heilt tak i kva dei meiner. Dei er prosessorientert heiter det då, men eg meiner at veljarane alt no fortener å vite meir om slike standpunkt, før dei skal velje sine representanter til kommunestyret.

Underteikna sa nyleg på folkemøtet i biblioteket i Knarvik følgjande: «Kulturhuset skal liggja sentralt, ja, så sentralt at det skal vera direkte inngang frå Knarvik Senter, slik at folk ikkje treng ta på seg regnklede eller paraply for å koma seg tørre til og frå kulturhuset»

Eg sa dette fordi eg meiner at eit kulturhus bør kunna utviklast til den viktigaste store møteplassen i Nordhordland, for folk i alle aldrar og for folk med mange ulike interesser, og sjølvsagt også for folk med nedsett funksjonsevne. Eit slikt demokratisk hus må etter Lindås Venstre si meining ha ein låg brukarterskel, og må difor vera svært synleg der folk oppheld seg, samt vera så tilgjengeleg at folk kan gå til og frå andre ærend utan at dei må planleggja om dei skal gå til kulturhuset i høve vind og vær/ i sludd og snø.

Ei heilt sentral lokalisering inntil Knarvik Senter er etter Lindås Venstre si meining det rette, for det er dette som vert avgjerande for kven som vil bruka kulturhuset i framtida, og for kva føremål eit slikt kulturhus skal ha. Eg hugsar då Biblioteket låg utanfor Knarvik Senter. Då var det få som kom Biblioteket nært…, fordi det var ca 200 meter å gå frå Skysstasjonen. Mange nytta bil for å låna bøker då, før dei køyrde attende til butikkane i senteret.

Eit kulturhus skal i tillegg vera med å byggja opp om sentrumsplanen i Knarvik, og dei som har vore med på å vedteke denne, bør vite at eit kulturhus inngår som ein sjølvsagt del i denne bymessige utviklinga som her er bestemt skal liggja nede ved handelsområdet i og ved Knarvik Senter. Ei slik lokalisering bør og kunna medføra at private krefter går inn og deltek i finansieringa, noko som kan vera heilt avgjerande om det vert kulturhus eller ikkje.

Så kjære veljarar, røyst på Venstre om du ønskjer eit framtidig regionalt kulturhus sentralt plassert nede ved Knarvik Senter, og difor eit naturleg sosialt møtepunkt med mellom anna bibliotek, kino, konsertsal, og med kort gåavstand til butikkar og andre viktige tilbod.

 

Sveinung Toft

Førstekandidaten til Lindås Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**