24. August var Stortingsrepresentant Terje Breivik på rundtur i Hallingda. På turen var og toppkandidatane på Vestre si fylkestingsliste, Anders Wengen og Sissel Urke, i tillegg til fylkestingskandidat, ordførar Hallvor Lilleslett.
Turen vart innleia med bedriftsbesøk i Flå med HallingEventyr, eit nystarta event- selskap retta inn mot reiselivet.
Deretter gjekk turen til Hemsedal Veksthus og ope møte med næringslivet i Hemsedal med tema småbedrifter og nyetableringar.
På Ål drøfta Terje Breivik næringspolitikk og samferdsel med ordførarkandidat Torleif Dalseide og andre interesserte. fleire.
I Hol fekk delegasjonen orientering om utvikling av Vestlia Hotell før turen vart avrunda med eit ope møte på Geilo Samfunnshus der tema var Grønt skifte for reiselivet i Hol.