Eit kreativt og verdiskapande Gloppen

Bjarte Heggheim
Foto: Gloppen Venstre


Venstre vil sleppe skaparkrafta laus og legge til rette for vekst og utvikling i Gloppen, i samarbeid med andre aktørar. Samfunnet endrar seg raskt, og Gloppen må henge med.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Gloppen Venstre ønskjer eit sterkare fokus på skjølve grunnstammen i eit godt velferdstilbod. Nemleg eit godt, lønsamt og innovativt næringsliv som genererer skatteinntekter til kommunal drift. Verksemdene må kunne omstille seg etter behov som marknaden etterlyser. Vi må spele på dei resursane vi har lokalt. Bøndene i Gloppen syner at dei har vilje og evne til å omstille drifta si med ny teknologi og andre måtar å drive jordbruk på. Dette er godt synleg gjennom store satsingar på samdrift i eine enden og småskala produsentar som satsar på den kortreiste varianten i den andre. For Gloppen er landbruket framleis den viktigaste næringa, sjølv om stadig ferre er direkte sysselsette på gardane. At bøndene har høgt aktivietesnivå og god kjøpekraft, skapar vekst i næringslivet elles.

I statsbudsjettet for 2015 fekk Venstre fullt gjennomslag for å opprette to ulike såkornsfond på til saman 135 millionar kroner for å sikre risikovillig kapital til nystarta bedrifter, og satsar dessutan breidt på ulike verkemiddel som 78,4 millioner kroner meir til lærlingplasser, 60 millioner meir til breibandsutbygging og 30 millioner kroner meir til velferdsteknologi. Venstre vil at næringsjefen i kommunen vår skal vere ein bidragsytar til at nokre av desse midlane kan hamne i Gloppen. Dette set også krav til engasjement for oss. Dette betyr at vi må tore å sette i gang prosjekt som kan kvalifisere til stønad. I grunderkommunen Gloppen må alle som har tankar om ny utvikling kunne få ta del i eit lokalt bedriftsnettverk for å få realisert sine idear. Eksisterande næringsliv må vere med for å kunne spele på deira erfaring, suksessfaktorar og kapital. Gloppen venstre ønskjer å bidra til å få etablert eit slikt nettverk.

Skule og utdanning er viktige satsingsområde for Venstre. Vi ønskjer å prioritere å sikre skular og barnehagar økonomisk handlingsrom og fagleg fridom. Vi veit at det blir nye runder med skulebruksplan for fylkeskommunen. Venstre vil ikkje sitte roleg i båten for å sjå at Firda VGS forsvinn. Det finst rikeleg med argument for å halde fram. Venstre vil støtte arbeidet med å etablere eit nytt klima- og miljøfag i samarbeid med Firda vidaregåande skule. Vi trur at dette arbeidet er viktig og avgjerande for framtida, både for skulen og miljøet. Dersom Gloppen og nasjonen skal vere rusta til å takle klimautfordringane, må haldningane vere ein del av opplæringa, heilt frå grunnskulenivå og til vidaregåande opplæring. Det handlar om å ta ansvar lokalt.

Gloppen vil som dei andre kommunane, få store utfordringar med tanke på eldreomsorg. Om eg skal spå framtida, vil vi mangle hender til å utføre omsorgstenestene slik vi kjenner dei i dag. Venstre vil at kommunen gjennomfører omstilling med tanke på å ta i bruk omsorgsteknologi i større grad enn tidlegare. Samtidig må vi passe på at teknologien ikkje blir ei «kald» sjukepleiehand, men eit hjelpemiddel for å få effektivisert omsorgsarbeidet.

God breibandstilgang og kvalitet på desse tenestene er blitt like viktig som veg og straum. Dersom vår kommune skal kunne henge med for å tilfredsstille forventningane som ligg hos brukarane, må det setjast i gong fleire utbyggingsprosjekt enn til no. Dette er viktig både for private, næring og offentlege som vil nytte desse «vegane» for sine tenester. Storsamfunnet har dessverre ein tendens til å nedprioritere prosjekt som har låg grad av eigenfinansiering. Det er difor viktig at lokale grendalag eller privatpersonar tek initiativ for å sette i gong fiberutbyggingsprosjekt i sine nærmiljø. Venstre vil vere pådrivar for at desse prosjekta får naudsynt merksemd for vidare behandling i fordeling av offentlege tilskotsmidlar.

 

Bjarte Heggheim

6.kandidat og leiar i Gloppen Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**