Program for Valle Venstre, kommunevalet 2015
Venstre er eit liberalt parti. Ein liberal politikk tek utgangspunkt i det enkelte mennesket, samstundes med at alle har ansvar for kvarandre. Venstre er spesielt oppteke av miljø, velferd, skule og småbedrifter.
Valle Venstre er for eit samla Agder, og meiner det er viktig å vurdere å slå saman Setesdalskommunane. Valle Venstre er og opne for å sjå på samanslåing med andre nabokommunar.
Valle Venstre vil fokusere på kvalitet og innhald i alt som skjer i Valle kommune, og vi vil jobbe spesielt med desse sakene:
- Kvalitet i skulen
- Det sosiale miljøet og læringsmiljøet for elevane i grunnskulen må vere best mogleg. Valle Venstre meiner det no er viktig å ta tak i arbeidet med å finne den beste måten å organisere grunnskulen på i vår kommune. Kvalitet i skulen er det viktigaste målet. Vi må våge å gjere denne jobben no, og sjølv sette premissa for dette arbeidet. I løpet av 2016 må strategien for grunnskulen i Valle vere klar.
- Næring og miljø i Valle
Valle Venstre meiner at det ikkje treng å vere nokon motsetnad mellom næring og miljøhensyn.
- Valle Venstre vil arbeide for å legge godt til rette for nyetableringar. Vi vil jobbe for eit utbreidd samarbeid mellom Setesdalskommunane når det gjeld satsing på nisjeprodukt og kortreist mat. Valle Venstre ynskjer å stimulere til utvikling av verksemder som foredler lokale råvarer. Dei lokale næringskreftene bør tene på produkta i alle ledd. Dette gjeld jord, skog, mat, kraft, kultur og natur.
- Valle Venstre vil stimulere til utvikling av reiselivsprodukt basert på naturgitte forutsetningar. Som internasjonal klatredestinasjon finnes det mange moglegheiter i Valle kommune for utvikling av «bratt friluftsliv». Me ser på oppbygginga av klatrestigen på Helle som eit framifrå tiltak.
- Valle må satse vidare på Brokke som senter for vinteraktivitetar i kommunen. Dette er særs viktig for turismen, og for å stimulere til ei utvikling av turistbasera bedrifter i kommunen. Samstundes er det eit godt rekreasjonstilbod til alle fastbuande i kommunen.
- Valle Venstre vil bidra til det grøne skiftet som er naudsynt gjennom å legge til rette areal for nyetableringar og stabile, grøne kraftleveransar. På denne måten ynskjer me å trekke til oss høgteknologiske, grøne verksemder og skape eit alternativ for oljependlarane.
- Valle Venstre vil arbeide for at den store kraftproduksjonen som finns i kommunen, skal gje større lokale effektar. Valle Venstre meiner at store miljøbelastningar for denne produksjonen er tekne lokalt, og at lokalsamfunnet må få meir att for dette.
- Valle Venstre vil arbeide aktivt for å få ansvarlege aktørar til å setje i stand Otra, og gjere elva til eit attraktivt område for fiske og bading.
- Valle Venstre vil at alle nye innkjøp til kommunen skal gjerast med tanke på miljøet og rettferdig handel, til dømes å kjøpe miljøvenlege bilar i heimesjukepleien når dei gamle skal skiftast ut og å kjøpe lokale produkt der det er mogleg. Det er viktig at Valle kommune både i drift og investeringar er bevisste når det gjeld å ta vare på miljøet. I den grad det er mogeleg, bør td. matvarer til skuler og barnehager handlast hjå lokale produsentar.
- Vi må bli meir bevisste på estetikk i bygda vår, særleg langs riksveg 9. Industriområde bør skjermast for innsyn frå vegen, eller verte rydda.
- I tillegg må det setjast krav til vedlikehald av kulturlandskap. Å eige grunn gjev ikkje berre rettar, men og plikter. Valle Venstre vil arbeide for å unngå at bruk vert sett til forfall og at bygda gror att.
- I natur- og kulturområder i kommunen må det leggast til rette for at dei kan verte nytta av folk utan bil eller skuter. Gamle stigar og veger nær busettingar må ryddast for ferdsel, og i Valle bør elva bli meir tilgjengeleg for folk. Vi ser for oss ein ”promenade” frå Halland til Valle motell.
- Snøskuter er ein viktig del av kulturen i Valle Kommune. Valle Venstre meiner at det må leggast til rette for utvida bruk. Ved å definere nye område, ynskjer Valle Venstre å legge til rette for næring og ein viktig del av vår kultur.
- Velferd
Helse og omsorg
Valle kommune er godt i gong med å planlegge framtidige løysingar når det gjeld helse og omsorg, og me har ei felles helseteneste mellom Valle og Bykle kommunar. Slike samarbeidsløysingar er helt naudsynte for at Valle skal vere eit sterkt og livskraftig lokalsamfunn. Samhandlingsreforma i helsesektoren set store krav til både samarbeid og fleksibilitet. Valle Venstre meiner at kommunen må fortsette å jobbe for å møte framtidige utfordringar med realisme, og med vilje til gjennomføring av nye løysingar.
- Ungdom og flyktningar
Valle Venstre er særs nøgd med at det er oppretta ei ruskonsulentstilling i øvre Setesdal, med tanke på at både Valle og Bykle kommune har mange ungdommar i bygda mellom 13 og 25 år. Vi meiner det er viktig at kommunen tek ansvar når det gjeld alle ungdommar som finnast i bygda, også dei som kjem hit for å gå på skule. Det er pr. i dag snakk om 50-60 ungdommar for Valle sin del, og det set sjølvsagt sitt preg på bygdesamfunnet. Det er viktig at desse ungdommane får ei kjensle av å høyre til medan dei er her, også med tanke på muleg framtidig busetting i bygda. Ungdomsklubb og tiltak elles for ungdom må og rettast mot desse ungdommane.
Valle kommune tek i mot mange flyktningar, og dei skal ha ein plass å bu i tillegg til arbeid etter kvart. Dette må det arbeidast planmessig med, og kommunen treng eit leilegheitsbygg for både familiar og ungdommar. Valle Venstre vil arbeide for at eit slikt bygg blir realitet.
Valle Venstre ynskjer å inspirere gründerar og entreprenørar. Kommunen har mange gode døme på folk som har starta næring, og lukkast, og Valle Venstre meiner at desse har mykje å lære bort. Gjennom å skape arenaer og møteplassar for ungdom og etablerte aktørar, voner Valle Venstre å bidra til at fleire etablerer verksemd i kommunen.
Venstre i Valle er eit ope parti. Gjennom heile kommunestyreperioden vil vi ha opne gruppemøte før kommunestyremøta. Alle er velkomne til å drøfte sakene med oss. Venstre vil lytte og i godt samarbeid finne dei beste løysingane for folk. Venstre set folk fyrst.