Venstre held fast ved Øyra

Foto: Fjaler Venstre

Fjaler Venstre held fast på Øyra

Fjaler Venstre har konsekvent røysta for Øyra som ny gravplass i Dale kvar gong saka har vore handsama i kommunestyret. Og Venstre held fast ved Øyra som det beste alternativet når no saka endå ein gong kjem opp – i samband med ny reguleringsplan for Dale.

Venteleg vil Arbeidarpartiet – med støtte frå Høgre og SV – få fleirtal for å endre gjeldande reguleringsplan og flytte gravplassen frå Øyra til Vollamyra. Ordførar Helle meiner dette ikkje er ei spesiell stor og viktig sak, og at saka neppe vil få særleg innverknad på resultatet ved årets kommuneval. Kanskje det.

Men om gravplass-saka i Dale ikkje er så viktig, kvifor har då Fjaler AP aldri akeptert opptil fleire klare og tydelege vedtak i kommunestyret til fordel for Øyra – og i staden brukt tid, krefter og ressursar dei ti siste åra på stadige omkampar?

Med ei rekordstor kommunestyregruppe, ser det no ut til Arbeidarpartiet endeleg skal få viljen sin – trass i at Vollamyra blir frårådd av fagfolk og kyrkja sine organ, at Vollamyra kan vise seg å bli klart dyrare enn Øyra, og at grunneigaren ikkje ynskjer å selje. Oreigning veit vi kostar både tid og pengar, mens Øyra allereie er i kommunal eige.

Fjaler Venstre tar atterhald om å vurdere gravplass-saka på nytt etter valet. Om det nye kommunestyret får ei anna samansetning – og om det viser seg å vere politisk grunnlag for det, kan saka fremjast på nytt. Her kan veljarane aktivt vere med å påverke utfallet ved å seie si klare meining på valdagen.

Hogne Kvangarsnes – 1. kandidat for Fjaler Venste

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**