Vegar på vestsida må prioriterast

Bård Mangerøy

20150608_004323 (1)

Det er overraskande og skuffande at ordførar Jon Askeland går ut med eit massivt forsvar for å prioritere bygging av ny veg på strekninga Marås – Tolleshaug. Med ein slik politikk vert det lenge til ein får betre vegar på vestsida, som folk og bedrifter på Manger og Bø verkeleg kan ha nytte av. Radværingane står no bokstaveleg talt framføre eit vegval. Vil folk på Manger og Bø finne seg i å måtte stille bakerst i køen? Dei skal iallfall vete at dei har eit klårt og tydeleg alternativ i den vegstrategien som H, V, KrF og FrP har utmeisla.

Det er no brei semje om at ny Slettaveg (Soltveit-Marås) skal byggjast. Den trengs for å leie trafikken utanom bustadområda på Sletta, og er finansiert gjennom Nordhordlandspakken. Kva som skal skje deretter er derimot heilt opent for diskusjon. Etter Radøy Venstre (og H, KrF og FrP) sitt syn er det då vestsida som er det neste som må prioriterast. Vegen mellom Manger og Bø er svært smal deler av strekninga, samstundes som det går mykje tungtrafikk her. Tilstanden på strekninga Marås-Tolleshaug i dag er derimot noko av det betre ein tross alt har av vegar på Radøy, og strekninga kan enkelt oppgraderast til tofeltsveg med gangveg/fortau til ein brøkdel av prisen for heilt ny veg. Då er det ikkje fornuftig ressursbruk å byggje ein kostbar ny veg til over 300 millionar, når nytteverdien er så låg og når vegen i tillegg vil øydeleggje eit flott turområde.

Framtidas ringveg går heller ikkje på austida, der flaskehalsane i Alversund og Knarvik ikkje vert til å unngå. Tverrsambandet som skal knyte Radøy og Meland saman med bru over Bognostraumen, og etter kvart vidare til Askøy, vil med ny veg sørover på austsida av Meland kunne utgjere ein vestre ringveg i Nordhordland. Dette vil forkorte reisetida sørover mot Bergen med ca. 10 minutt frå Manger, og vil knyte regionen tettare saman og opne nye moglegheiter for attraktive bustadområde og område for næring. Tidsperspektiva til styret i Sambandet Vest er heilt andre, enn dei Askeland viser til frå Statens vegvesen om at ei utgreiing vil ta tjue år. Her er det nok eit forsøk på herkseteknikk og villeiing frå Askeland si side, og når han vidare nyttar floskelen mageplask om opposisjonens vegstrategi vert det berre usakeleg. Dessutan må det leggjast til at tverrsambandet har så stor entusiasme både i Meland og Askøy, at dette vil ein kunne presse fram dersom det er politisk vilje til det. Så kvifor er då den elles så entusiastiske Askeland, så lunken til dette glimrande prosjektet og prøver å latterleggjere det?

Bakgrunnen og hovudproblemet bak vegdebatten er at Radøy kommune i si tid fekk utarbeidd ein vegstrategi for ny fv 565 med ein kostnad på rundt 1 milliard i dag, utan at tettstadane Manger og Bø vil få nokon særleg nytte av det. Dette er ein strategisk bommert av dimensjonar som var gjort for mange år sidan, men som det ikkje er for seint å rette opp. Det er heller ikkje for seint å sjå prosjekt i Nordhordlandspakken i heilskap med tverrsambandet ved revidering, noko som vil vere fornuftig. Radøy Venstre har saman med H, KrF og FrP vist vilje til å inngå kompromiss for å sikre at det også skal investerast i veg på vestsida. No er det opp til veljarane å avgjere kva dei ynskjer.

 

Frode Hervik,

Ordførarkandidat, Radøy Venstre

 

 

 

Innlegget hat stått på trykk i Nordhordland og Strilen 01.09.15

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**