Ny barnehage på Bø på kommunal tomt

Bård Mangerøy

Barnehage Bø

-Under handsaminga av barnehageplanen var det brei politisk semje om å gjere noko med barnehagesituasjonen på Bø. Venstre er likevel usikker på om riving av det gamle kommunehuset, slik Sp foreslår, er den beste løysinga. Ei betre løysing kan vere å byggje ny barnehage på den flotte kommunale tomta på andre sida av vegen. Dette må iallfall vurderast nærare, seier Frode Hervik, Radøy Venstre sin ordførarkandidat, og Ståle Villanger, Radøy Venstre sin 3. kandidat.

Finansieringspakke

-Ved å selje det gamle kommunehuset og resten av bygga nytta til dagens barnehage, samt eventuelt gamle Haugland skule, kan ein skaffe til veie ein god del eigenkapital som kan gjere dette mogeleg utan at det totalt sett vert dyrare enn Sp sitt framlegg, seier Hervik.

Riving kan bli kostbart

-Riving av det gamle kommunehuset kan verte svært kostbart, kanskje fleire millionar. Då vil det verte ei mykje betre løysing å byggje ny barnehage på den andre sida av vegen, der kommunen har ei utruleg flott tomt til rådvelde, seier Villanger.

 

Moglegheiter for husdyrhald og båt

Radøy Venstre ynskjer seg ein ordinær barnehage, men gjerne med litt gards- og friluftsprofil gjennom husdyrhald og ved å ha båt på Hauglandsvatnet.

-Den gamle løa på tomta kan takast i bruk av barnehagen, og dei kan ha nokre dyr, som til dømes kaniner, geiter og høns. Kvalitativt sett er dette ei fantastisk barnehagetomt, seier Villanger.

Endring av områdeplan

-Den kommunalt eigde tomta er i områdeplanen som er til handsaming er førebels avsett til friområde, men Venstre meiner at deler av denne bør avsetjast til offentlege føremål – barnehage, slik at reguleringsmessige tilhøve ikkje skal stoppe dette alternativet. Dersom kommuneøkonomien gir rom for det, må me gå for dette, seier Hervik.

 

Framleis rom for friområde

-Sjølv om kommunen legg beslag på deler av friområdet til barnehage, vil ikkje dette vere til hinder for at både skulen og andre framleis kan nytte området. Snarare kan ein få til ei heilskapleg tilrettelegging, som gjer området meir tilgjengeleg for folk, avsluttar Villanger.

 

Saka stod på trykk i papirutgåva av Strilen 01.09. Saka er no også på nett:

Ny barnehage på Bø

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**