Grønt skifte gjev vekst og arbeidsplassar

Fylkesleiar og fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang
Foto: Vidar Helle

Jan Magne Herstad frå det «grøne» Senterpartiet, spør i eit lesarinnlegg i Firda 31 august kva det grøne skiftet er for noko. « Så langt eg har oppfatta så handlar det frå politikarane si side om å erstatte energi frå fossile kjelder med fornybare for å redusere utsleppa av Co2 som er årsak til klimaendringane» Bra, Jan Magne Herstad, du traff blink! Ein liten detalj gjenstår likevel enno: Å skjøne betydninga av det grøne skiftet, og korleis vi kan bruke det til å skape vekst, optimisme og nye arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Det er ei krevjande øving for Senterpartiet, som på rein ryggmarksrefleks ser på alt nytt som eit trugsmål mot status quo – også det grøne skiftet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Det handlar også om å byggje opp om alt næringsliv som har evne til å tilpasse seg i ei tid der oljen som arbeidsmarknad og energikjelde vert fasa ut. Dei borgarelege partia har ei felles erkjenning av at oljen vil ta slutt og at vi i dag har ein økonomi som er altfor avhengig av olje. Den politiske usemja, også på borgarleg side, ligg i kor rask overgangen skal bli. Likevel er det brei borgarleg semje om at skal overgangen bli smidig så må ein starte skiftet no. Eg vonar at det eingong grøne og borgarlege Senterpartiet vil bli med i den semja.

 

Den raudgrøne regjeringa, der Ap og Sp la premissane, representerte i åra 2005-13 ein nærast total stillstand i arbeidet med det grøne skiftet. Etter 2013 har Venstre, i samarbeidsposisjon med regjeringa, sytt for at vi no ser tidenes omlegging til grønt næringsliv. Det handlar om rammevilkår og vilje til å gjere grep. – vilje som var fråverande i den raudgrøne regjeringa med oljemininstrar frå Senterpartiet.

 

Lat meg konkretisere: I statsbudsjettet for 2015 har Venstre saman med regjeringa og Krf styrka styrka dei samla miljø- og klimasatsingane med nær 1,9 mrd. kroner. Venstre fekk bl.a. gjennomslag for at det skal brukast 900 millionar kroner meir på miljøvenleg samferdsle. Gjennom påtrykk frå mellom anna Sogn og Fjordane Venstre har regjeringa i juni i 2015 forbetra el-sertifikatordninga slik at ho no gjev betre rammevilkår for kraftselskapa våre og utvikling av fornybar energi.

 

Venstre har sytt for at det er fordeler med å bruke el-bil framfor bensin og dieselbil. Herstad meiner det er eit problem at folk brukar el-bil på grunn av desse fordelene og ikkje fordi dei vil vere miljøvenlege. Eg er samd i at vi må jobbe med haldningsskapande tiltak i miljøpolitikken. Men, meiner Herstad at dersom nokon vel å køyre miljøvenleg på grunn av økonomisk stimuli eller andre egoistiske omsyn, i stadanfor at dei er opptekne av å hjelpe miljøet, så kan dei like godt la vere å køyre miljøvenleg? For Venstre er det eit mål å gjere det lettare og ikkje verre for folk å velje miljøvenlege løysingar. Eg har ingen moralske kvaler med det.

 

«Saka er at verda flaumer over av solcellepanel og energi til alt for låg pris», skriv Herstad. Feil. Saka er at solcelleprodusenten Norsun i Årdal, med 180 tilsette, klarer ikkje klarer å produsere nok for å møte etterspurnaden og vurderer å byggje ut. Saka er at verda alltid vil trenge kraftkrevjande industri og at dei låge kraftprisane er fortrinn som kan utnyttast til miljøvenleg industri. Siste skot på stammen er Lefdal Mine Datacenter i Nordfjord som hentar krafta si frå fornybare kjelder og skapar over 100 nye arbeidsplassar. Venstre og Krf sytte for rammevilkåra ved å redusere elavgifta. Senterpartiet i regjering var som vanleg tafatte.

 

Saka er også at Venstre og Krf i samarbeid med regjeringa i 2015 har fått gjennomslag for å styrke Enovas klimateknologifond med 12,75 mrd kroner, i tillegg til satsinga på dette fondet i klimaforliket. Dette har gjort det mogleg for Enova å støtte Hydro med 1,5 mrd kroner til utviklinga av verdas reinaste aluminiumsproduksjon på Karmøy. Verdsleiande teknologiutvikling på Karmøy vil føre til både lågare klimagassutslepp, fleire industriarbeidsplassar og styrka norsk konkurransekraft. Takka vere tilskot frå Enova er det i 2015 også etablert ein biogassfabrikk i Skogn som brukar avfall frå oppdrettsnæringa som råstoff i produksjonen.

 

Kort oppsummert: Den raudgrøne regjeringa hadde 8 år på seg å byggje eit truverde i klima- og miljøpolitikken. Den sjansen brukte dei ikkje. No har heldigvis andre krefter teke over.

 

Sogn og Fjordane Venstre går til val på at Sogn og Fjordane ikkje berre skal vere ein del av det grøne skiftet, men vere ein motor i det. Vi har dei beste naturlege føresetnadane, store deler av næringslivet vårt er allereie relativt oljeuavhengig, samanlikna med næringlivet i andre vestlandsfylke. Den industrikompetansen vi har i fylket vårt er det beste utgangpunkt for at det grøne skiftet ikkje berre skjer i og rundt Oslo-gryta. Saman med vår eigen stortingsrepresentant frå fylket og i den posisjonen Venstre har som samarbeidsparti, kan vi syte for at Sogn og Fjordane kan bli eit nasjonalt utstillingsvindauge for grønt og framtidsretta næringliv. Det toget går no – eg vil oppmode også Herstad og Senterpartiet om å hoppe på, framfor å surmule over at verda er i endring i grøn retning

 

Gunhild Berge Stang, Fylkesordførarkandidat, Sogn og Fjordane Venstre

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**