Askvoll Venstre har alltid prioritert dette sambandet på topp, og Sogn og Fjordane Venstre har heile tida stått på for sambandet i dei fylkeskommunale prioriteringane. Partiet har saman med eigne stortingsrepresentantar jobba for å få til den finansieringsmodellen som no er vedteken av regjeringa og Venstre og Krf som samarbeidsparti. No er det viktig å syte for at prosjektet får gjennomslag i fylkestinget. Å syte for ein sterk venstrerepresentasjon i fylkestinget etter valet vil gjere realiseringa lettare. Det er difor viktig at veljarane no gjev oss dette mandatet!
Gunhild Berge Stang
Fylkesordførarkandidat, Sogn og fjordane Venstre