Ole Gjermundsen har lese kortutgåva av Venstres program i Arendal og skriv i eit lesarinnlegg at det ”var en imponerende brosjyre, full av lovord og gode intensjoner”. Det skal han ha takk for. Han saknar meir om eldreomsorg, som det står meir om i det fullstendige programmet for Venstre i komande periode.
Som Venstres medlem i helse- og omsorgskomiteen og leiar av komiteen som la fram ”Plan for helse og levekår 2015-2030, lengre forløp” hadde eg gleda av få med både helse- og omsorgskomiteen og heile bystyret på einstemmige vedtak. Planen har som mål at Arendal skal vere trygt og godt, særleg for dei som treng hjelp frå samfunnet.
Utfordringar
Arendal har store utfordringar også framover:
- Vi blir eldre, vi er friskare lengre, men det blir også mange fleire veldig gamle som blir sjuke etter eit langt og rikt liv.
- Stadig fleire under vanleg pensjonsalder har behov for hjelp, og mange av desse har bruk for mykje hjelp.
- Vi har rundt 600 demente i Arendal nå, og kan rekne med at det vil bli nesten dobbelt så mange ein gong mellom 2030 og 2040.
- Stadig fleire som får kreft.
- Om få år blir det færre i arbeidsfør alder som skal ta seg av stadig fleire som treng omsorg frå andre.
Alt dette har vi som samfunn plikt til å forsøke å løyse, til det beste for kvar enkelt av oss.
Vi har eindel å slite med Folkehelsebarometret viser at Arendal i tillegg til demens, kreft og unge uføre, har større utfordringar enn mange andre. Samanlikna med resten av landet har vi halvannan gong så mange arbeidsledige mellom 15 og 29 år, meir enn halvannan gong så mange uføre under 44 år, mange fleire med psykiske symptom og lidelser, fleire som har KOLS og astma og halvannan gong så mange dør av KOLS og/eller lungekreft i Arendal som gjennomsnittleg i Norge. Mange av desse utfordringane har vi saman med nabokommunane våre.
Vi blir fleire
Vi blir fleire, og det er godt. Vi blir stadig eldre, og det er enda betre. Men sjølv om vi får stadig fleire gode leveår, blir dei fleste av oss sjuke når vi er riktig gamle. Tre gonger så mange over 80 år får kreft nå, samanlikna med 1980. Det er heldigvis også fleire som overlever kreft nå enn det var for tretti år sidan. I dag har vi rundt 600 med demens i Arendal, i 2030 har vi truleg rundt 950 og i 2040 kan vi rekne med at over 1300 menneske har demens. Dei aller fleste av desse er over 80 år, og har fleire andre sjukdommar samtidig.
Kva skal vi gjere?
Vi treng fleire tilsette, truleg 70-85 nye heiltidsstillingar innan 2013. Vi treng minst dobling av tilbodet for demente og for kreft. Vi aukar innsatsen med kvardagsrehabilitering. Vi må bruke den imponerande evna til nytenking blant dei tilsette i Arendal til å utvikle stadig betre tenester for dei som treng det mest. Vi må fortsette det gode arbeidet for å hjelpe folk i eigne heimar. Planen skal vere ein viktig retningsvisar og skal leve lengre enn forrige plan. Det er ein forutsetning at planen blir følgt opp med konkrete tiltak – og konkrete tal med eindel nullar og så kroner bakerst i alle budsjett og handlingsplanar. Derfor legg også Venstre opp til disiplin og ansvarleg politikk også på alle andre område, – for å ha nok pengar til å hjelpe dei som treng det mest.
Jan Kløvstad
Bystyremedlem i Arendal, nestleiar i helse- og omsorgskomiteen og fylkestingskandidat for Venstre