Valprogram 2015 – 2019 for Bygland Høgre og Bygland Venstre

Jan Kløvstad

Vi bur i ein kommune med mange gode og verdifulle kvalitetar. Det gjeld levekår generelt, kultur, historie og ikkje minst natur.

Vi som representerer felleslista for Høgre og Venstre ynskjer gjennom ein politikk bygd på den kristne kulturarven å ta vare på og vidareutvikle desse kvalitetane slik at kommunen vår framleis kan tilby gode tenester til innbyggjarane og gjere det attraktivt å bu og busetje seg i Bygland.

Bjoren

LEVEKÅR:

  • Oppretthalde noverande skulestruktur i kommunen og sikre gode pedagogiske tilbod både i skule og barnehage. Sørge for nødvendig fagleg kompetanse og relevant etter- og vidareutdanning for personalet.
  • Undervisninga skal ha som mål å utvikle heile mennesket og i tillegg til god allmennkunnskap fremme haldningar og eigenskapar som respekt, toleranse, refleksjon og empati.
  • Kampen mot mobbing må førast på alle nivå i skuleløpet og fylgjast systematisk opp av skuleeigar.
  • Vidareutvikle Ungdomsklubben og Kulturskulen.
  • Sikre gode tilbod for heimebuande og pleiepasientar slik at både integritet og livskvalitet blir ivaretatt.
  • Oppretthalde noverande lækjartilbod på Bygland og Byglandsfjord.
  • Stø opp om aktivitetar som kan fremme folkehelsa og førebyggje alle typer rusmisbruk.
  • Få ein samla plan over turløyper og lysløyper i heile kommunen og utvikle løypenettet vidare.
  • Arbeide aktivt for gjennomføring og oppfylging av Strandsoneplanen.
  • Tilby attraktive byggeklare tomter i kommunen.
  • Nei til eigedomsskatt bortsett frå eksisterande ordning som gjeld verk og bruk.
  • Gang- og sykkelstiar:
  • Reiårfossen – Ose
  • Nesmoen – Nese ( trygge bebuarane på asylmottaket )
  • Samanhengande gang- og sykkelsti frå Dammen til Vassend.

– Gangbar trasè utanfor fenderen frå Grendi til Byglandsfjord.

  • Prioritere opprusting og vedlikehald av kommunale vegar.
  • Arbeide for rask gjennomføring av gul stripe på Rv 9 gjennom Setesdal.
  • Fylgje opp tilrettelagde planar og aktivt leggje til rette for ei rask og god integrering av busette flyktningar.

 

KULTUR / MILJØ:Ose Turistheim

  • Stø opp om tiltak som fremmar lokal dialektbruk og verne om nynorsken i skule og kommunal forvaltning.
  • Utvikle biblioteket til ein moderne møteplass for ulike aktivitetar.
  • Arbeide for å få Storstoga og Turistheimen på Ose inn under Aust Agder Museum og Arkiv, avd. Setesdalsmuseet.
  • Utvikle Ose som kultursenter for nordre del av kommunen ved m.a. å ivareta den autentiske bygningsmassen der. Dersom lusekoftesenteret blir realisert, bør det leggjast til Ose.
  • Nei til nytt kulturbygg i Bygland kommune dersom det blir finansiert med låneopptak.
  • Støtte det friviljuge barne- og ungdomsarbeidet.
  • Arbeide for å ivareta og hindre forfall av verdifulle kulturminne i kommunen

Stimulere til dette ved m.a. oppretting av kommunal miljøpris.

  • Arbeide for miljøvenlege alternativ til vegsalting.
  • Vere pådrivarar i arbeidet for fjerning av krypsivet og arbeide for betre kvalitet på fisken i Otra.
  • Leggje til rette for utnytting av utmarka til jakt, fiske og friluftsliv.

 

ARBEID OG NÆRINGSLIV:

  • Aktiv tilrettelegging for nyetableringar i Bygland kommune.
  • Arbeide for rask kommunal handsaming av søknader og førespurnader til Bygland kommune.
  • Sikre vedtatt oppstart i 2016 av ny sentrumsplan for Ose.
  • Arbeide for eit aktivt, matproduserande og berekraftig landbruk i heile kommunen.
  • Tilretteleggje for bygdenæringar som energiproduksjon, bær-/fruktdyrking, birøkt, bygdeturisme og andre tilleggsnæringar der samla gardressursar vert nytta, også i utmark.
  • Halde kulturlandskapet i hevd med beiting og bruk av ressursane i utmarka.
  • Stø opp om lokalt eigarskap av landbrukseigedomar og sikre drift på desse.
  • Vidareføre næringsordningar for landbruket.
  • Auke talet på lærlingeplassar.
  • Utnytte Byglandsfjorden som ein del av kulturbasert turisme og reiseliv.
  • Behalde eigarskapen til aksjane i Agder Energi.

 

KOMMUNEREFORM / LOKALDEMOKRATI:

  • Vi vil vere positive til ei kommunesamanslåing så sant det gagnar kommunen sine innbyggjarar.

Er kommunesamanslåing ikkje tenleg, vil vi arbeide for at Bygland skal vere eigen kommune og vidareutvikle det gode interkommunale samarbeidet for å kunne oppretthalde eit godt tenestetilbod.

Folkeavstemminga vil verte rådgjevande for vårt valg.

  • Auke interesse og politisk engasjement ved
  • å opprette eit levekårsutvalg
  • å aktivisere Ungdomens kommunestyre.
  • ny og grundig gjennomgang av delegasjonsreglementet.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**