Masfjorden har ein variert og vakker natur som gjev alle høve til gode opplevingar. Kommunen har i dag gode oppvekstvilkår for barn og unge og ei femstjerners eldreomsorg.
Venstre vil i komande periode arbeida aktivt for å vidareutvikla dei gode lokalsamfunna me har i Masfjorden, og for å sikra at me også i framtida kan oppretthalda og vidareutvikla dei gode tilboda me har.
Venstre vil arbeida for ei positiv folketalsutvikling i Masfjorden, og vil difor satsa på infrastruktur, næringsutvikling, miljø og kultur.
Venstre set enkeltmennesket i fokus og arbeider for at alle skal få nytta evnene sine til beste for seg sjølve og samfunnet
Her kan du lese heile programmet til Masfjorden Venstre for perioden 2015-19.