Ordførarkandidat Annika Brandal og 4. kandidat Jeyuran Vijayaratnam er i dag omtala i Vikebladet; dei undrast over kva som hende med aktivitetstilbodet kommunen inntil nyleg har tilbudt innbyggjarar med psykiske vanskar.
Dei vil rette spørsmål om nett dette til ordføraren i neste kommunestyremøte torsdag førstkomande. Spesielt reagerer dei på at tilbodet som det i si tid var brei politisk oppslutning om å starte opp no tilsynelatande er avslutta som eit reint administrativt vedtak, utan å informere det politiske miljøet.