Energi og sjøområder – relevans, prioritet og framtid i fylket

Klaus Iversen, Fotograf Vidar Helle

Sogn og Fjordane fylke er eit rikt fylke med mange fortinn. Fylket kan få ei god framtidsretta utvikling, – om vi tek dei rette val, tiltak og gjev dei rette rammevilkår til næringslivet. Vi må i større utstrekning enn før rette blikket mot den samfunns- og bedriftsøkonomiske aktivitets- og inntektssida knytt til dei fundamentale ressursane vi har. Dei styrande i fylket i fleire tiår (AP, SP) har i for stor grad unnlatt å legge til rette for og utvikle vekstkraftige næringar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

 

Vatn, vind, bølger, biomasse, fjordvarme, olje og gass. Alt dette har vi rikeleg av i eller utanfor kysten av fylket. Dette gjev, og kan framleis gje, store energimengder som gjer oss til eit av dei viktigaste energifylka i nasjonal sammenheng. Dette er i stor utstrekning framtidsretta, fornybare energikjelder. Energi er avgjerande for at vi skal ha ei velfungerande «samfunnsmaskin» som kan gje viktig produksjon i næringslivet, som igjen gjev skatteinntekter og kan tillate oss å ha gode velferds- og kulturtilbod. Vi har og sterke næringar som fiskeri, havbruk og verftsindustri på kysten. I indre delar av fylket står landbruket, reiseliv og tungindustrien sterkt. I tillegg har vi av dei beste vidaregåande- og høgskular i landet.

 

 

«Gullalderen» i olje- og gassindustrien synes no å være på hell. Ca. 31 %, nær 1/3, av ressursane på norsk sokkel i Nordsjøen, ligg utanfor kysten av fylket, men bare 2-3 % har vorte utnytta i fylket. Tidleg på 1990-talet vedtok fylkestinget å legge E-39 trasseen på kysten. Vedtaket vart sett til side av departementet (AP-minister frå fylket) og omgjort til ein trasse langs Jølstra-vatnet. Vårt fylke er det einaste kor E-39 ikkje er lagt ute ved kysten. Oljeindustrien kunne då sjølvsagt ikkje satse tyngre her i fylket, nesten heilt utan viktig infrastruktur, særleg på samferdselssektoren. Det var også ei politisk forsøming då saka om elektrifisering av Gjøa-feltet for ei tid attende enda opp i «smular» for fylket, til tross for formuleringar / vedtak i Stortinget som i all hovudsak var til føremun for fylket. Tung nasjonal, økonomisk kompetanse har fleire gongar peika på dei negative verknadane for vekstnæringar og folketalsutvikling av slike politiske vedtak.

 

 

Vasskrafta har vi så langt utvikla rimeleg godt. Det er likevel uheldig at fylkeskommunen ikke oftare nyttar sjansar til å erverve fallrettar. Dessutan er framføringa av dei større overføringslinjene mykje forseinka. Endeleg vert for lite av krafta nytta i fylket, og eigarskapen i kraftsektoren ligg i for stor grad utanfor fylket. Dette skuldast også at vi har eit for lite finansmiljø, for få tyngre private investorar, og dermed for liten eigenkapital i større investerings- og utviklingsprosjekt.

 

 

Vindkraft på land er så langt i hovudsak etablert i Vågsøy (Mehuken). Det er likevel langt att til at vindkraft kan produserast rimelegare enn vasskraft. Vi har dessutan overskot på vasskraft i landsmålestokk. Bølgekraft er ikkje ferdig utvikla, sjølv om Havkraft AS (Geir Arne Solheim) i Vågsøy, har eit spanande prosjekt som ligg i vasskorpa for merkantil lansering, både nasjonalt og internasjonalt. Bølgekrafta kan verte viktig internasjonalt i t.d. energifattige øysamfunn rundt om i verda. Fjordvarmeløysingar har dei lukkast med på Nordfjordeid (t.d. sjukehuset), og dette kan også utviklast andre stadar. Vi har rikeleg råstoff til bioenergi, men lønsemda er enno fråværande samanlikna med vasskraft. Alt dette er framtidsretta, fornybare energi- og næringskjelder som vert meir og meir viktige framover, både for fylket, elles i landet og verda.

 

 

Sjølv om dei beste tidene er over for olje- og gassnæringa, er det framleis grunnlag for god aktivitet i mange år framover. Dette gjeld i Florø (basen) og Gulen med Sløvåg og Skippervika. I Gulen er dei mest innovative områda i fylket i dag, bare 10-15 min frå Mongstad og ca. 1 time frå Bergen. I Sløvåg ligg store nærings- og industritomter, og 12-15 kaiar rigga for oljeverksemd og anna næringsliv.

 

 

Dei mest framtidsretta næringane kjem på kysten. Havbruk er spådd ei 5-dobling fram til 2050. Fiskeria er likeeins spådd ei svært god og lønsam utvikling. Dette er næringar som i all hovudsak rettar seg mot verdsmarknaden. Over 90 % av fiske- og havbruksproduksjonen vert eksportert. Fiskeindustrien og salgsselskap har klokker for London-, Tokyo- og New York-tid på veggen, ofte dagleg videokontakt med utekontor, og har sjeldan blikket mot Leikanger. Nær tilknytte næringar som reiarlag- og verftsaktivitetar, vil også få ei god utvikling framover, sjølv om dette er såkalla sykliske næringar. På verftssida nemner eg særskilt Brødrene Aa si internasjonale satsing i Hyen.

 

 

Dersom ein skal rigge fylket for ei slik framtid, må politikarar legge til rette for naudsynt infrastruktur på kysten med bl.a. :

 

  • Kystvegen Ålesund-Bergen må koma så snart som mogeleg.
  • Det må byggast vidare ut hamner og farleier til sjøs.
  • Stad Skipstunnel ser ut til å kome.
  • Meir gods må over frå veg til sjø.
  • Sjøområda i fjordar og langs kysten må ha langt høgre fokus, både i offentleg plansamanheng, i praktisk politikk og i næringslivet. Dei mange kryssande hensyn og interesser (hamner, farleier, havbruk, fiskerier, miljø, rekreasjon, forsvarsinteresser, leidningsnett på botnen, vassdirektivet m.v.) må harmoniserast mot framtidsretta bruk. Her har fylket fått etablert kystsoneplaner og planer for sjøområder etter at særleg Venstre har fokusert sterkt på dette dei siste åra.
  • Det må arbeidast for sterkare finansmiljø, som i større grad enn før kan bidra til å sikre eigarskap og utvikling av både energi, marine og maritime næringar.
  • I tollforhandlingar med EU må fiske og havbruk gjevast fortinn for å gje grunnlag for større tilverking, verdiskaping og arbeidsplassar.
  • Selskapsskatten må reduserast.

 

 

Dersom fylket har tiltak nok til å gjere det meste av dette rett, eller i det minste bidra til dette, vil utgiftssida i samfunnsrekneskapen på sikt løyse seg sjølv. Fylkespolitikken må i mindre grad styrast av vedtak. Betre rammevilkår og infrastruktur vil utan vidare føre til meir aktivitet og tiltak i næringslivet. Då aukar skatteingangen, kanskje også folkesetnaden, og velferd og kultur får betre kår. Vi får eit meir dynamisk, fornybart og framtidsretta samfunn, – noko eg trur dei fleste av oss ønsker seg.

 

 

 

Klaus Iversen

Fylkestingsrepresentant (V).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**