10 gode spørsmål – 10 gode svar!

Merete Haddal Bjåstad har stilt 10 gode spørsmål til Annika Brandal, ordførarkandidaten vår, på Facebook-profilen hennar. Deler spørsmål og svar også her.

  1. Kva ser dei ulike partia på som dei viktigaste sakene i Hareid dei neste fire åra?
    Venstre vil jobbe for at Hareid kommune skal bli bukommune #1 på Søre Sunnmøre med gode tilgjengelege tomter. Vi må også jobbe vidare med å betre kommuneøkonomien, utvikle sentrum til ein triveleg møteplass og støtte opp under det gode arbeidet som blir lagt ned i frivillig arbeid i kommunen.
  2. Korleis skal vi legge til rette for betre næringsutvikling i kommunen?
    Venstre har programfesta at vi skal prioritere å få fortgong i utbygging av næringsarealet i Hareidsmyrane. Dette hastar å få på plass, slik nye bedrifter får etablere seg i Hareid dersom dei ynskjer det, og ikkje må reise til andre kommuner.
  3. Kva tiltak vil ein setje inn for å få ned den aukande narkotikabruken blant unge ungdomar?
    Venstre ynskjer at vi skal få tilsett ungdomsarbeidar, vi vil samarbeide tett med politi, barnevern og andre instansar. Eg ynskjer også vi skal jobbe vidare med eit interkommunalt ungdomsteam igjen, men først må vi få på plass ei satsing lokalt. Ungdomsrådet må få eigen koordinator/støttefunksjon, og vi meiner vi bør bli MOT-kommune igjen. Dette meiner vi vil vere viktige tiltak i eit førebyggande perspektiv.
  4. Korleis prioriterer ein når det gjelder skule og helse/ omsorg?
    Med den kommuneøkonomien vi har hatt dei siste åra, har vi ikkje hatt så store valmuligheiter. Vi har måtte prioritere å løyve pengar til å oppretthalde dei lovpålagde tenestene, og det har meir eller mindre gitt seg sjølv kva vi har kunne budsjettert til. Vi skulle gjerne gitt meir pengar til begge sektorane.
  5. Vil ein behalde eigedomsskatt eller gradvis fase den ut etterkvart som vi får betalt ned gjelda vår? Kva skal pengane eventuelt øyremerkast til om ein beheld e-skatten?
    Dagens sats er på 2 ‰. Det er lavaste sats vi kan ha. Når Venstre gikk inn for eigedomsskatt, var det mellom anna for å kunne behalde skulestrukturen, iallfall på kort sikt. Så lenge vi har eigedomsskatt, må det prioriterast å bruke den til å betale ned på underskot og evt gi meir pengar til dei to store sektorane som vi veit treng det sårt; skule og velferd.
  6. Kva bør kommunen investere i når vi kjem oss ut av Robek?
    Noko store investeringar ser eg ikkje at vi har rom for, vi treng pengar inn i drifta, og då bør vi ikkje auke gjelda vår så mykje. Dersom vi etter kvart skal gjere ei endring i skulestrukturen, trengs det nok ny(e) bygg. Elles har vi eit etterslep på vedlikehald på dei fleste kommunale bygg som vi må gjere noko med.
  7. Behalde krinsskulane eller ikkje, kvifor/kvifor ikkje? Når ser ein for seg å få til eit endeleg vedtak på skulestrukturen? Korleis sikre vedlikehald og oppgradering av dei skulane vi har?
    Hareid skal vere ein stad det er godt å vekse opp for born og unge. Vi vil sette eleven sine behov i fokus, difor blir innhaldet viktigare enn strukturen for Venstre.
    Samtidig er vi klare på, at dersom det skal gjerast ei endring i skulestrukturen, må dette ha eit langsiktig perspektiv med god planlegging. Sannsynlegvis treng vi ny(e) bygg dersom fleire skal samlast på færre skular enn i dag. Pr i dag har vi ikkje økonomi til å ta opp lån for nybygg, derfor må dette vere noko fram i tid (min 3-5 år).
    Venstre ynskjer at vi i den komande perioda skal lande framtidig skulestruktur, men vi har ikkje fasiten på kva det er pr i dag.
  8. Kva andre parti er det aktuelt å inngå samarbeid med?
    I denne perioda har vi hatt ein brei koalisjon i kommunestyret, og vi føler vi har samarbeidd godt med dei alle. Derfor har vi ikkje noko klare føringar på kven vi vil samarbeide med etter valet. Her spelar mellom anna valresultat ei rolle, og kva saker dei andre partia går til val på.
  9. Kva tenker partia om å ta i mot fleire flyktningar?
    Venstre er positive til å ta imot fleire flyktningar. Samtidig er det viktig at vi har apparatet som trengs for å ta imot dei, slik at dei får den hjelpa dei treng og kan bli godt integrert i kommunen vår.
  10. Korleis gjere Hareid sentrum til ein meir attraktiv stad der ein kan samlast?
    Venstre ynskjer å gjere heile sentrum til ein levande og triveleg møteplass. Vi vil vidareutvikle parken, gjerne med ny andedam, oppgradere leikeplassen og stimulere til etablering og utvikling av gode nisjebutikkar. Samtidig vil vi utvikle krinsane våre, slik at også der er naturlege møtestadar.

Minner elles om at du finn programmet vårt som bildefil på Facebook-sida vår og som pdf-fil her.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**