Valkampen har starta

Førstekandidat i Høyanger Venste Lidvar Berge her saman med Gunhild Berge Stang. , Foto: Linda Ness Rotihaug

Laurdag 29. august starta Høyanger Venstre valkampen. Høyanger sin toppkandidat Lidvar Berge fekk besøk frå fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang, leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre Jacob Bredesen og fylkessekretær Linda Ness Rotihaug.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Ekstra kjekt var det å vere på stand når Høyanger feira at det er 100 år sidan aluminiumsverket starta opp i bygda. Verdas reinaste aluminiumsproduksjon, ein viktig del av det grøne næringslivet, tufta på fornybar vasskraft.

Jacob Bredesen og Gunhild Berge Stang

 

Høyanger Venstre får besøk av Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn laurdag 12. september. Då kan de møte oss igjen, og slå av ein prat om politikken vår.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**