Venstre har denne perioden hatt tre representantar i kommunestyret og eitt medlem i formannskapet. Venstre har arbeidd for og fått gjennomslag for fleire av våre prioriteringar, mellom anna:
Styrka bustadutvikling
Venstre er ikkje nøgde med bustadutviklinga i kommunen dei siste 10 åra. Vi har jobba aktivt for fleire gjennomgangsbustader, eit meir variert bustadtilbod, fleire sentrumsnære bustader, og for å fornye det kommunale bustadtilbodet. Fem sentrumsnære, kommunale gjennomgangsbustader står klare, fleire bustadsøkande har fått tilgang til startlån, og bustadfelta Berlehagen og Stadheimgarden er begge klare for utbygging. Venstre vil vidareføre den aktive bustadutviklinga.
Satsing i sentrum
Med Borggarden, den nye bankplassen og parkområda har vi no fått gode møteplassar til kvardag og til fest. Venstre har vore ein pådrivar for å få dette til. Tettstadutviklinga er viktig for å løfte Leikanger som ein attraktiv stad for busetting og etablering. Venstre vil halde fram med å vere pådrivar bl.a med å utvide tilbodet for ungdom og stimulere kulturaktiviteten.
Næringsareal på KvålenI løpet av 2015 står eit nytt næringsareal ferdig opparbeidd på Kvålen. Det har heile tida vore viktig for Venstre å legge til rette for nye private etableringar og gje eksisterande verksemder betre vilkår for å utvikle seg. Kommunen må kunne tilby næringsareal. Samstundes er det viktig for Venstre å unngå konfliktar mellom bumiljø, industriell verksemd og miljø, slik det har vore fleire døme på dei siste åra.
Styrka samarbeid med nærings- og lagsliv
Venstre har vore ein ivrig forkjempar for eit godt samarbeid mellom private og offentlege verksemder, og med frivillige lag i Leikanger. Vi har ikkje vore nøgde med dialogen og med kommunen som tilretteleggar. Difor er Venstre nøgde med å ha fått på plass ein samfunns- og næringsutviklar. Venstre vil halde fram satsing på nærings- og samfunnsutvikling i komande periode, blant anna vil vi samarbeide tettare om etableringsstøtte og næringsnettverk med Sogndal og Luster.
Samlokaliserte helse- og omsorgstenester
Ei lenge planlagt og etterlengta satsing på samlokalisering og utvikling av helse- og omsorgstenestene er no realisert. Saman med nye omsorgsbustader gjev dette eit godt og nært tilbod for brukarane, eit samla fagmiljø og tenlege lokale for dei tilsette.
Barnehage- og skuleutvikling
Gjennom interkommunale barnehage- og skuleprogram har Leikanger satsa på vidareutdanning og styrka fagmiljø. Dette er viktig for at Leikanger også framover skal ha god kvalitet på tenestene. Venstre ønskjer å halde fram satsing på vidareutdanning og fagnettverk i barnehage og skule.
Klatrepark ved barneskulen
Venstre tok initiativ til ein klatrepark i Leikanger. Klatreparken ligg no inne i planane for våren 2016. Denne skal etablerast ved idrettsparken og barneskulen. Dette området har fått eit skikkeleg løft dei siste åra, med stor innsats av Syril, i samarbeid med kommunen. Klatreparken blir finansiert i eit spleiselag mellom kommunen, Sparebanken Sogn og Fjordane og tippmidlar. Den vil gje elevane ved barneskulen eit attraktivt aktivitetstilbod og løfte området som ein viktig møtestad i bygda.
Økonomi og bruk av fondsmidlar
Leikanger skårar høgt i målingar av det kommunale tenestetilbodet. Det er vi er stolte av. Diverre har vi samstundes brukt fleire pengar enn kva vi har til å drive tenestene. Vi har brukt av kraftfondet og avkastninga av fondet i drifta. Dette er ikkje berekraftig. Venstre meiner framleis at det er nødvendig å auke eigedomsskatten, som eitt av fleire virkemiddel, for å få økonomien i balanse. Vi meiner at ein økonomisk snuoperasjon og nytenking rundt tenestetilbodet må til . Det er den beste garantien for gode tilbod og eit Leikanger i vekst, også i framtida.