Kom på ope møte!

Terje Breivik
Foto: Jo Straube
Minner om ope møte med Venstre-nestleiar Terje Breivik, ordførarkandidat Jorunn Ytrefjord og fylkestingskandidat Torstein Gunnarson i morgon kveld på Park kl. 18.30.
Temaet er satt til «Voss som motor for vekst i indre Hordaland». I tillegg har Terje varsla at han vil ha med seg «ny» politikk i morgon.
Før på dagen skal m.a. Terje og Jorunn møta hjå Spilde Entreprenør og høyra meir om korleis dei jobbar med lærlingar, samt presentera Venstre sin politikk både lokalt og nasjonalt på saksfeltet.
Vel møtt!
Styret i Voss Venstre
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**