Balestrand Venstre vil ha stand i Holmen laurdag 5. september. Dette er Holmadagen, og det blir mykje liv i sentrum. Så skal det sjølvsagt og vere stand den siste laurdagen før valet, den 12. september. Då vil stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn vere til stades.
Fredag den 4. september kl 9 – 11.30 vil dei politiske ungdomspartia møtast på Sygna til debatt.
Måndag den 7. september kl 19 blir det valdebatt blant partia på Kviknes hotell. Nærare kunngjering kjem snart.