Lesarinnlegg til Bygdanytt
Venstre kjempar for utsleppsfri transport både på Stortinget, i fylkestinget og her i Osterøy kommune. Vi har fått gjennomslag i fleire viktige miljøsaker dei siste åra innan samferdsle til sjøs. Likevel vert det påstått at Venstre har røysta mot å elektrifisere ferjesambandet Valestrand-Breistein; blant anna har vi fått høyre at “Venstre frontar nedlegging av ferja”. Dette er svært langt frå sanninga. Det Venstre har gjort, er å røyste mot ein søknad om å gje eit investeringstilskot til Osterøy ferjeselskap (OFS) til teknologiutvikling, ein stønad som fylkesrådmannen vurderte å vere klart ulovleg. Som eit ansvarleg parti kan ikkje Venstre vere med på ulovleg forskjellsbehandling av næringslivet, om prosjektet er aldri så godt i utgangspunktet.
Men Venstre har både tatt initiativ til og vore med på vedtak om å vri fylkeskommunen sine investeringar i ei grønare retning. Dette har rydda veg for el-drift i framtida, også for Valestrand-Breistein. I fylkestinget snudde Venstre eit framlegg om framtidas ferjekontraktar, slik at alle offentlege ferjesamband i fylket nå skal utlysast som «miljøanbud». Ein har og fått gjennomslag for eit prosjekt som skal gjere alle snøggbåtsamband utsleppsfrie. For kommersielle aktørar, som til dømes konsesjonar til turbussar eller meir konkret Valestrand-ferja, sikrar me utsleppsfri teknologi ved å stille krav om dette i framtidige konsesjonskrav. Det kjem Venstre til å gjere.
Fram til eit elektrifiseringsprosjekt kan verte gjennomført, er det viktig å sikre gode vilkår for Osterøy ferjeselskap si drift. Då samferdsleavdelinga i fylket sommaren 2012 foreslo å leggje all kollektivtransport til og frå Osterøy over brua, var Venstre sine representantar med på å avvise forslaget. Ikkje berre ville dette gitt eit dårlegare busstilbod for mange ostringar; det ville òg ført til at OFS hadde mista såpass store inntekter at vidare drift neppe ville vore mogleg. Her tok Venstre, i lag med andre parti, ansvar for å oppretthalde busstilbodet og samstundes sikre eit viktig inntektsgrunnlag for ferja, som eit effektivt og miljøvennleg transporttilbod – også med konvensjonell drift.
Venstre er i førarsetet når det gjeld å vri investeringar i ei grønare retning, både nasjonalt og lokalt. Derfor sikra Venstre elbilfordelane fram til 2017 og fekk 325 millionar kroner ekstra til kollektivtrafikk og 480 millionar ekstra til jernbane i budsjettforliket på Stortinget hausten 2014. I Hordaland har vi sikra at bussane skal verta fossilfrie innan 2025. Derfor er vi glade for alle parti som blir med på det grøne skiftet, både i Noreg, i Hordaland og på Osterøy. Premisset er at det skjer på like vilkår og sikrar rettferdige og stabile rammer for næringslivet, for berre på den måten kan vi vere trygge på at det grøne skiftet også vert økonomisk og sosialt berekraftig.
Anne-Beth Njærheim, 1. kandidat for Hordaland Venstre
Kjersti I. Vevatne, 1. kandidat for Osterøy Venstre