Stor stemning på valkampopning med Trine Skei Grande!

DSC_0010 – Sogn og Fjordane og Nordfjord må leie an i det grøne skiftet! De har eit enormt potensiale innanfor fornybare næringar – no har de sjansen! Grøn politikk er distriktspolitikk, sa Venstre sin partileiar Trine Skei Grande i si tale utanfor Gamlebanken i Eidsgata.

I strålande solskin opna Trine Skei Grande valkampen i Sogn og Fjordane saman med førstekandidat til fylkestinget, Gunhild Berge Stang, Eid-ordførar Alfred Bjørlo og stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

– Lenge lo folk av oss i Venstre når vi sa at satsing på næringsliv og kamp for miljøet ikkje er nokon motsetnad. No ser alle at med låg oljepris og ei enorm omlegging som står framfor oss, er vi heilt nødt til å vri næringslivet vårt i grønnare retning. Venstre vil sørgje for at det løner seg meir å vere gründer og skape nye, berekraftige arbeidsplassar, sa Skei Grande til dei frammøtte utanfor Gamlebanken.

Venstre-leiar Trine Skei Grande saman med Jacob Bredesen, leiar i SFj Unge Venstre
Venstre-leiar Trine Skei Grande saman med Jacob Bredesen, leiar i SFj Unge Venstre

Skei Grande besøkte tidlegare på dagen skulane på Nordfjordeid, samt ei rekke bedrifter som jobbar med energi og miljøspørsmål. I tillegg heldt ho føredrag for ein smekkfull kinosal på Operahuset, der ho oppmoda førstegongsveljarane i kommunen til å bruke stemmeretten – ikkje minst 16- og 17-åringane i Eid som er med på årets prøveprosjekt med nedsatt røysterettsalder.

– Som fylkesordførarkandidat for Venstre går eg til val på slagordet «Ungdom først!», sa Gunhild Berge Stang under valkampopninga, og heldt fram:

– Vårt mål er at skulen i fylket vårt skal vere fremst i landet. Difor kjem ikkje Venstre til å kutte i dei vidaregåande skulane. Skal vi klare å auke folketalet i dette fylket må vi ha gode oppvekstvilkår for born og unge, og vi må ha attraktive, framtidsretta arbeidsplassar. Det er jobb nummer éin, og då treng vi eit sterkt Venstre på fylkestinget, sa Berge Stang.

DSC_0029

Med på opninga var også ordføraren i vertskommunen, som hadde gleda av å vise partileiaren rundt i kommunen før arrangementet i Eidsgata.

– Eg er stolt over det vi har fått til på Eid dei siste åra. Folketalet passerer for første gong 6000, vi har ny optimisme i næringslivet og skuleresultat i toppklasse. Dette er ein god kommune å bu i, og eg håpar veljarane vil gje meg og Venstre tillit til å ta Eid vidare, sa ordførar Alfred Bjørlo, som med 44 prosent oppslutnad i 2011 leiar landets største venstrekommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**