Alle piler peikar opp i Stordskulen

Ordførarkandidat for Stord Venstre Geir Angeltveit er svært fornøyd med at alle pilar peikar opp i Stordskulen., Foto: Magne Langåker

Med Venstre og koalisjonen ved makta har Stord sin skulesatsing gir resultater, vår skjerming av skulen i ein vanskeleg økonomisk situasjon gjer at skulen har positive og stabile resultat på tvers av linja

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Framgong og utvikling i Stordskulen.
Resultata frå grunnskulen, går opp, trivselen aukar, positiv utvikling i lesing, elevar som har gått gjennom Stord-skulen har markant større sjans for å fullføra vidaregåande skule, og aukande. Motivasjon og trivsel aukar og er jamt over snittet. Ja sjølv tendensen i nasjonale prøvar er positiv. Samtlege målte faktorar i Stord-skulen har ei positiv utvikling, eller ligg jamt over snittet. Samstundes går mobbing og krenkelser ned, og støtte frå foreldre går opp.

Elevars innsats og motivasjon i Stord Skulen er over gjennomsnittet og veks framleis.
Elevars innsats og motivasjon i Stord Skulen er over gjennomsnittet og veks framleis.

Må bygga skulen for framtida.
Stord Venstre ønskjer å framleis styrka skulen, gjennom ny Stord Ungdomsskule, å ordna Nysæter Ungdomsskule med fleirbrukshall, få på plass nye klasserom på Hystad, og auka vedlikehaldet for å halda Stord-skulane i god stand i tiåra framover. Samstundes som lærarar får tilbod om meir etter- og vidareutdanning, og får meir tid til elevar gjennom å organisera skulekvardagen i mindre klassar.

Dei siste åra har Stord vore i økonomiske vanskelegheiter, men Venstre og koalisjonen har vald å skjerma skulen frå store kutt og innsparingar, og heller styrka den.

Færre elevar som har gått gjennom Stordskulen droppar ut av vidaregåande skule, og det held seg stabilt.
Færre elevar som har gått gjennom Stordskulen droppar ut av vidaregåande skule, og det held seg stabilt. (tal for 13-14 manglar)

Les Stord Venstres program her!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**