Regjeringa ved finansminister Siv Jensen har sendt ut eit høyringsforslag om endring av eigedomsskatt for industrianlegg, maskinar og utstyr, kraftlinjer og anlegg knytta til infrastruktur. I Setesdølen 25. august seier rådmann Tallak Hoslemo at Bykle kommune vil tape drygt 2,8 millionar i året om denne endringa blir vedtatt. I Arendal kommune kommune handlar det om eit årleg tap på ca 5,5 millionar kroner. Liknande tap vil kome i alle andre kommunar med industrianlegg, eller som har gitt natur til kraftutbygging og annan industri.
Venstre i Agderfylka har kontakta vår finanspolitiske talsmann Terje Breivik, som seier det er ”uaktuelt for Venstre å støtta endringar som får slike økonomiske følgjer for kommunane.”
Forslaget er til høyring i kommunane nå, og vi i Venstre vil tru samtlege kommunestyre vil konkludere slik vi alt har høyrt frå blant andre Vennesla, Iveland, Bykle og Lindesnes: dette kan vi ikkje godta. Venstre vil ikkje svekke økonomien i kommunane. Dagens innkreving av eigedomsskatt har gitt viktige – og avgjerande bidrag – til velferdstenestene i utkant-Norge. Vi oppmodar finansminister Siv Jensen, Frp og Høgre til å legge vekk heile forslaget. Venstres kommune- og fylkestingspolitikarar har sikra seg støtte i eiga stortingsgruppe. Venstre stoppar forslaget i Stortinget om det noen gong kjem dit.
Jan Kløvstad
Fylkesskretær i Venstre og fylkestingskandidat i Aust-Agder