Kor er keepern vår?

Creative Commons

Politikk er ingen leik.
Ingen spel for galleriet.
Politikk handlar om folk.
Politikk handlar om skjebner.
Politikk handler om dei aller svakeste.

Eg valgte å engasjere meg politisk fordi eg vil hjelpe. Eg vil gjera Os til eit betre stad å bu, eg vil hjelpe dei som no mistar jobbane sine i rekordfart og eg vil hjelpe dei som treng hjelp mest av alle, barna.

For eit og eit halvt år sida blei eg kontakta av eit par fortvila foreldre som var uroa for sønnen sin. Skulle han måtte ta buss til ein annan skule enn den han naturleg sokna til? Skulle han ikkje få gå på den same skulen som venane i nabolaget? Heldigvis fekk vi dei andre politiska partia med på å framskunde utbygginga av Kuventræ skule slik at born frå Kuvågen og Hjelle slapp å bli bussa til andre skular. Kanskje vi har gjort kvardagen litt tryggare for denne og andre familiar?

Eg er ingen kul og tilbakelendt politikar som leitar etter dei beste punch-lines eller er ute etter å skape maktbaser. Eg drives av eit personleg engasjement. Ja, av og til kan det kanskje bli for mykje av det gode. Men eg er i overkant opptatt av rettferd og å vere ærleg. Eg blir indignert når eg ser at andre ikkje er så nøye på det same, eller at svake grupper ikkje får den hjelpen dei treng.

Ditt val handlar om mykje meir enn asfalt, kommuneøkonomi og nye skulebygg. Ditt val kan avgjera skjebnen til barn i trøbbel. Barn som treng hjelp frå barnevernet. Kommunalsjefen for oppvekst og kultur uttrykte nyleg uro over tilstanden i barnevernet i Os. «Bemanningen i barnevernet er for låg», konkluderte ho. (http://www.midtsiden.no/uroa-barnevernet) Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte like før sommaren ein tilsynssak knytta til barnevernet i Os kommune. Dei avdekte to avvik som Os no er blitt pålagt å rette på.

Os brukar for lite pengar på å hjelpa dei aller svakeste barna.

I sommar fekk Os kommune eit brev frå eit lokalsamfunn på Vestlandet. «Kor er keeparen vår?», spurde dei. Ei veke før skuleavslutning blei ein gut som barnevernet i Os har ansvar for, henta ut av fosterheimen han budde i. Utan forvarsel til familien i Os, og utan at guten fekk sagt adjø til venane og skulekameratane, blei han brått sendt til ein ny stad. Til Sørlandet, som om det var om og gjere å få han lengst mogleg bort. Handlemåten til barnevernet skapte sterke reaksjonar, også blant fagfolk. Dette er slikt som ikkje skal skje. Dette er ei type hending i eit sårbar barns liv som kan føre til uopprettelege traumer. Enkelte brukte ordet skandale.

Eg heiar på barnevernet. Dei treng alle ressursane dei kan få for å hjelpe barn i utsatte situasjoner. Manglande ressursar til å følge opp førte i denne saken til ein konflikt mellom barnevernet i Os og fosterfamilien på Vestlandet som sleit med å hjelpe guten dei hadde fått ansvaret for. Situasjonen var fortvilande for alle.

Skjebnen til denne guten blir avgjort av politikaranes vilje og evne til å gi barnevernet nok ressursar til å gjera jobben dei må gjera. Dei ansatte i barnevernet på Os gjer så godt dei kan og fortenar ros for innsatsen. Men politikare må gjera meir for å hjelpa dei svakeste barna. Mykje meir.

Eg og partiet mitt Venstre er villige til det, men det er du med stemmeseddelen som avgjer om gutar som denne keeparen skal få den hjelpen eller ikkje. FrP og Høgre i Os har hatt sjansen i 16 år. Dei sit med ansvaret for at situasjonen for barnevernet er uholdbar. Det er eit ansvar dei ikkje kan sleppe unna.

På den vesle bygda sit ein kameratflokk og lurer på kor det er blitt av keeparen på laget. Dei skjønar ingenting. På Sørlandet sit ein gut som lurer på kor han skal bu. Han skjønar ingenting.

Politikk er alvor.
Politikk handlar om ekte mennesker.

Glenn Erik Haugland
2. kandidat, Os Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**