Gunhild Berge Stand, leiar for Venstre i Sogn og Fjordane, representerte Venstre i valdebatt på Leikanger. Gunhild var tydeleg på Venstre sitt standpunkt i organiseringa av kommunar og regionar. Kommunane er til for folk, ikkje omvendt. Spørsmålet er om kommunane og fylka som dei er i dag er i stand til å levere gode tenestert til folk. Gunhild var klår på at Venstre ikkje ville stå i vegen om endring i kommune- eller fylkesstruktur gav betre tenester og var til beste for folk flest. Ho peika og på Vestlandet sittt behov for motmakt mot Oslo.
Gunhild var også tydeleg på at dei videregåande skulane var serskild viktige her i Sogn og Fjordane og at Fylkeskommunen sitt skuletilbud måtte skjermast så langt som råd.Z