Fleip eller fakta?

Foto: Evy Beater Tveter

«Sjølv om me nå har vore i opposisjon, har me fått gjennomført nokre av sakene våre», skriv Bø Ap i sitt politiske rekneskap for perioden 2011 -2015.

Eg har sitte som ordførar i denne perioden, i eit politisk fellesskap med SV, H og Krf. Til saman har me hatt 16 av 25 kommunestyrerepresentantar. Bø Venstre hadde aleine 9 representantar i kommunestyret og 37 % av stemmene bak seg. Likevel har Bø Ap fått gjennomført ei heil rekke saker, skriv dei.

Er dette rett, eller er det nokon som har tatt for mykje Møllers tran? Lat oss sjå på kva for saker Ap tek æra for:

 

Fyrste påstand: Ny sjukeheim

Denne saken har vore behandla i kommunestyret fleire gonger. Siste gong 18. juni 2012, og dei økonomiske rammene 20. august 2012. Begge desse vedtaka og alle tidligare vedtak har vore samrøystes! Eg må også understreke at sjølve bygginga har forgått i denne perioden av entreprenørar og arbeidsfolk, inklusiv kommunetilsette, innanfor dei økonomiske rammene dei fekk.

Konklusjon: Alle politiske parti i Bø kommune har æra for at sjukeheimen og omsorgsbustadene er bygd, men den største æra høyrer til dei kommunalt tilsette og dei som bygde.

 

Andre påstand: Opprusting i Evjudalen

Her gjeld akkurat det same. Heile kommunestyret var einige! Bygginga har også skjedd i denne perioden av andre enn Bø Ap. Det var heller ikkje Bø Ap som måtte ta kampen mot If forsikring når dei ikkje ville utbetale forsikringspengar.

Konklusjon: Alle politiske parti i Bø kommune skal ha æra for dette.

 

Tredje påstand: Gang- og sykkelveg til Folkestad

Sjølvsagt var heile Bø kommunestyre einige i at me ville ha dette. Utfordringa var at det er ein fylkesveg og dermed fylkeskommunen som måtte koste dette. Det er ingen frå Arbeiderpartiet i Bø som sitt i fylkestinget. Det gjer derimot Frode Lieungh (H), Harald Kinck (Frp) og Olav Kasland (V). Gang- og sykkelvegen kom inn i fylkeskommunens budsjett i denne perioden, og blei tatt ut for så å bli kjempa inn igjen. I denne kampen stod sjølvsagt desse tre fylkestingsrepresentantane, men også ei stor ære til Rønnaug Woxen Thoen (Sp) som gjorde ein stor jobb opp mot si gruppe i fylkestinget, som inkluderer fylkesordføraren.

Konklusjon: Eg såg ikkje noko til Bø Ap i denne saka.

 

Fjerde påstand: Legevaktordninga

Hæ? Kven var imot dette? Det var Bø kommune sin administrasjon som forhandla fram dette, og det var overhodet ikkje nokon politisk diskusjon eller ueinighet rundt dette.

Konklusjon: Gjennomført av Bø Ap? Hæ?

 

Femte påstand: Den nye Handelsparken på Grivijordet

Dette er Bø Ap si nest største frekkheit, som dei ynskjer å ta æra for aleine. (Den største frekkheita kjem til slutt.) Eg veit ikkje om 4 år tilbake vert rekna som kortids– eller langtidshukommelse, men uansett er dei ei fantastisk omskriving av fakta. Bø Ap gjekk til val på at dei ynskja kjøpesenter på Grivijordet, noko Arne Storhaug igjen har tatt til orde for. Trur dei verkeleg at veljarane ikkje huskar dette?

Det som blir utvikla på Grivijordet, er eit handelsområde for storhandel, ikkje kolonialforretningar, klesforretningar, apotek osb. Den utviklinga me nå har på Grivijordet, er akkurat det som var valløftet til dagens posisjon; Høgre, SV, Krf og Venstre, – og me får ikkje eit tomt sentrum som konsekvens.

Konklusjon: Dagens handelspark er det motsette av det Bø Ap ville ha. Dei ville ha eit kjøpesenter på Grivijordet.

Sjette påstand: Auka rutetilbod på Sørlandsbanen

Her kjem Bø Ap med si største frekkheit. Før Stortingsvalet i 2013 prøvde me frå Bø kommune å få til fleire avgangar på Sørlandsbanen. Dette gjorde me i fellesskap med Telemark fylkeskommune og fleire andre kommunar langs strekninga. Den gong var det ei raudgrøn regjering, med Ap i spissen. Kva var svaret frå regjeringa den gongen? Eit blankt NEI.

Så blei det regjeringsskifte. Høgre og Frp danna regjering og Venstre og Krf inngjekk som kjent ei avtale med regjeringa. Da tok me saken opp igjen. Bjørn Magne Langkaas (Frp) budde bokstaveleg talt hos statssekretær Bård Hoksrud for å påverke regjeringa. Personleg fekk eg fullt gehør hos Venstre sine representantar på Stortinget.

Kva blei resultatet denne gongen? Jau, det blei nesten dobling av avgangar på Sørlandsbanen, der alle tog stoppar i Bø.

Konklusjon: Dette er rett og slett frekt av Bø Ap. Det stemmer rett og slett ikkje. Dei som skal ha hovudæra for dette, er Frp og Venstre.

Eg synest at heile bygdebyen Bø stend seg best om me skryter av kvarandre og ærar dei som ærast bør. Dette er ein trend me i den seinare tida har blitt mykje flinkare til, og det tener me alle på! Bø Ap bidrar ikkje til dette i sin politiske rekneskap, der dei tar æra aleine.

 

Olav Kasland

Ordførar

Ordførarkandidat Bø Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**