Vil utvikle kulturskulen – får på pukkelen

Foto: Lisa Kara Frøyland

Kulturskulerektoren i Ål har brukt delar av eit informasjonsmøte om kulturskulen til å fortelja at ein landsdelsscene for dans vil vere positiv for utviklinga av nettopp kulturskulen.
Dette fell ordførarkandidaten til Ap svært tungt for brystet.
Ho er redd for at dei føresette «trur hennar ord er lov».
I motsetning til Vestenfor trur eg at dei føresette er klar over at det er kommunestyret som løyver pengar til nye investeringar i Ål kommune og ikkje rektoren på kulturskulen.

Både Venstre og Høgre og fleire andre parti har argumentert for at dette er eit godt tiltak for ungdommen i Ål.
Eg meiner det er heilt rett at foreldre og andre får informasjon om ei mogleg utbygging av kulturskulen frå den personen i kommunen som kjenner dette prosjektet best.

Av det fyrste ein lærer som folkevalt er at om ein vil kritisere administrasjonen, så er det rådmannen som er adressaten.
Her skuldar formannskapsmedlem og ordførarkandidat Vestenfor ein kommunalt tilsett for å drive valkamp for hennar politiske motstandarar i arbeidstida – svært uklokt og uryddig.

I økonomiplanen som er vedtatt av kommunestyrets fleirtal ligg denne investeringa inne.
Då er administrasjonen på trygg grunn når dei informerer om prosjektet.

Kommuneøkonomien har stramma seg til, og årets underskot ser ut til å bli større enn budsjettert.

Helsetunutbygginga er nyleg vedtatt og styrkar helse- og omsorgstilbodet i heile Hallingdal.
Den utbygginga vil forplikte Ål økonomisk i mange år framover.
Skulesektoren har fått stramme rammer dei siste åra, og må skjermast mot nye kutt.

Alt dette gjer det dessverre vanskelegare å prioritere nye store investeringar som ikkje er lovpålagde, slik som landsdelsscene for dans. Ekstern finansiering blir endå viktigare enn før.

Til hausten blir det ny runde om budsjett og økonomiplan. Då skal det prioriterast mellom gode tiltak.

Fram til då er det både klokt og ynskjeleg å informere og argumentere.

Godt Val!

 

Torleif Dalseide

Ordførarkandidat Ål Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**