Skule og innhaldet i skule, skulebygningar og organisering er sikre saker i valkampen. Og no har vi også fått skulebruksplanen som gir det kommande kommunstyret eit grunnlag for å ta avgjerd om koss skulen skal vere i Kvinnherad.
Ynskjer ein merksemd og debatt i konfliktsaker er det greit å gripa til skule – alle som har gått i skule kan meina noko om den; dette er temaet vi kan debattere uavhengig av kva vi seinare i livet har av yrke – dette er saka alle kan meina noko om. Og det gjer vi. Kor mange skular skal vi ha, kor mange born per lærar, er det best med små eller store skular, kor bør skulane være. Vi er mot mobbing, for symjeopplæring og fysisk aktivitet, mot dårleg inneklima og gamle skulebøker og for kvalitet i opplæringa.
Min påstand er at ingen kjenner skulane betre enn dei tilsette – og at politikarar ikkje høyrer godt nok etter når ein får svar på spørsmåla ein går til skulen med. Mykje av informasjonen blir borte i støy og ofte høyrer ein berre det som støttar opp om synet ein på førehand har laga seg. Slikt blir det festlege debattar med stort engasjement av, men eg er uviss på om det fører oss til målet – å få ein best mogeleg skule i Kvinnherad.
Kommunestyret fekk i mai i år også tilstandsrapport frå grunnskulane i Kvinnherad der mykje god informasjon kom fram om kva skulen arbeider med, kva utfordringar skulane har og korleis ein arbeider for å nå måla som er sett for skulen i Kvinnherad, samt tiltak for å betra læringsresultata. Kvinnherad Venstre vil følgje opp tilstandsrapporten slik at føreslegne tiltak kan bli iverksett gjennom vedtak av ny skulebruksplan.
Skal ein ha gode oppvekstvilkår er det naudsynt å satse på born sine oppvekstvilkår.
Kvinnherad Venstre vil prioritere born og unge i budsjettarbeidet og vil i kommande periode mellom anna prioritere slik for at skulen skal nå måla som er sett:
- Arbeide for kompetanseutvikling og etterutdanning for tilsette innan skule og barnehage.
- Vi vil arbeide med «Pedagogikkalternativet» i skulebruksplanen i samarbeid med dei tilsette for å redusere talet på skular. Vi vil ikkje redusere løyvingane til skulen.
- Ha mål om minst 50 % pedagogdekning i barnehagane for å sikra god kvalitet på barnehagetilbodet i kommunen.
Jarle Haktorson
5. kandidat for Kvinnherad Venstre