Det beste me har

Cafe i Mjøsvågen. , Foto: Kjersti I. Vevatne

Med nedbetalt bru og folkevekst i bergensområdet står Osterøy framfor store endringar i åra som kjem. Ordførarar i nabokommunar som også har hatt bompengar, gratulerer og ønskjer lukke til. Dei ber oss vere kloke. No er det viktigare enn nokon gong at me er klare på kva me kom frå, kva me er i dag, og kva me skal ha med oss vidare i framtida. Osterøy Venstre ønskjer at kommunen utviklar seg i ei berekraftig retning. Dette handlar om mykje meir enn “berre” miljø og klima; det handlar om å ta med oss og bygga vidare på noko av det beste me har.

Kva er så “det beste me har”? Svaret er todelt. Det handfaste er omgjevnaden vår, det grøne jordbrukslandskapet, dei fantastiske turområda, bygningsmiljøa, kulturlandskapet, og ikkje minst tettstadene våre. Dette er miljøkvalitetar som ikkje berre gjev oss rotfeste og historier i landskapet, men som òg sørgjer for opplevingar, trivsel og folkehelse.

Den andre delen av “det beste me har” er det som bind oss saman. Dette handlar mellom anna om identiteten og drivkreftene i dei sterke grendene. Her kan mirakel skje. Slike krefter greier å halde liv i ein nærbutikk, dei startar skule, og dei får ei ferje til å gå. Det å få vere med å dra slike lass er viktig for mange; det byggjer identitet, glede, fellesskap og stoltheit. I tillegg har me alt som skjer i desse miljøa. Osterøy har eit rikt lags- og kulturliv. Dette må ikkje reduserast til berre “krydder i kvardagen”, men bli verdsett som ei viktig drivkraft i seg sjølv. Kulturuttrykk, engasjement og aktivitet er ein sentral del av det å vere menneske. Det definerer oss, og knyter band mellom generasjonar, folkeslag og grupper. Denne mindre konkrete delen av «det beste me har” er aleine årsaka til at eg som ny-innflytta brått fann meg sjølv steike vaflar i eit ukjent skulekjøken.

Dette er Osterøy god på. Dette gjev solid grunnlag for det gode liv for innbyggarane, anten ein er ostring i åttande generasjon, innflyttar frå Bergen eller flyktning frå Syria. Kommuneøkonomien er svak, men vi har store ressursar i menneske og miljø.

Korleis skal så desse kvalitetane bli del av ei vidare utvikling av kommunen? Korleis kan vi sikre at vi ikkje mister dette, samtidig som vi tillet endring? Og kva har dette med berekraft å gjere?

Miljø og klima er sjølvsagt ein viktig del av berekraft-omgrepet – og her kan vi som kommune gjere mykje. To viktige grep er å jobbe for at kollektiv pendling vert meir attraktivt, og at rammevilkåra for næringslivet blir sikra slik at vi får ei sunn utvikling med fleire lokale arbeidsplassar. Men berekraft handlar om mykje meir enn berre dette. Sosial berekraft handlar mellom anna om kvardagsliva i nærmiljøa våre: butikken, grendahuset, ballplassen, turområdet, badeplassen, skulen, og alt det som kan vere viktig på ein onsdag ettermiddag. Desse funksjonane er meir enn berre kjekke trivselsfaktorar å ha i nærleiken; dei grip rett inn i kjernen av det folk opplever som det gode liv. Dersom vi stadig reduserer på desse kvalitetane får vi dårlegare buområde, mindre trivsel, og folk vil oftare reise lenger for å finne det dei ønskjer seg. Gløymer vi sosial berekraft, så har vi ikkje lenger ei berekraftig utvikling av kommunen. Da hjelper det lite om vi alle tek bussen eller køyrer el-bil.

Måndag 24. august kl. 19:00 er det politisk debatt på Osterøy museum om kultur, natur og jordvern. Osterøy Venstre meiner at dette er tema som står heilt sentralt i utviklinga av Osterøy i åra som kjem. Dette handlar om identitet og det gode og meiningsfulle kvardagslivet. Ei berekraftig, framtidsretta, grøn utvikling av Osterøy handlar om å vere villig til å endre seg og sjå kommunen i eit større bilete, men samtidig slå ring om det som er det beste med har: den grøne øya, grendene våre og drivkreftene våre.

Kjersti I. Vevatne, 1. kandidat, Osterøy Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**