Stortinget har gjeve grønt lys til storbyar som ynskjer å innføre lavutsleppsone i delar av byane eller på særleg vanskeleg dagar. Det same regelverket kan brukast til å opprette ei lavutsleppsone også i Geiranger. Skal visjonen om «Grøn Fjord» bli verkelg må vi ta kraftige verkemiddel i bruk og vere villege til å ta dei store og vanskeleg vala. Glacier Bay, Alaska, USA har fått det til. Der knivar rederia om å oppfylle stadig strengare miljøkrav – og berre dei aller beste får seglingsløyve. Får det det til der, skal vi få til noko liknande her!