Det var eit insprirerane besøk med Terje Breivik måndag 24. august. Det gjekk slag i slag med grundermøte på Flå og i Hemsedal, vegproblematikk på Gol og Ål og reiselivsproblematikk på Geilo. Terje Breivik hadde følgje av Anders Wengen og Sissel Urke, 1. og 2. kandidat på venstres fylkestingsliste og ordførar i Gol og fylkestingskandidat Hallvor Lilleslett.
Det var nyttige innspel både til fylkespolitikarane og rikspolitikaren. I venstre er vegen kort inn til sentrale politikarar. Stemninga er god hjå venstrelaga i dalen, godt tre veker før valet.