Ulvik er avhengig av eit aktivt næringsliv og eit attraktivt nærmiljø. Landbruk og turisme er Ulvik sin fremste styrke og Venstre vil stimulere dette vidare. Hotella og Hjeltnes vgs er i ein omstillingsfase og treng ein aktiv og støttande kommune. God infrastruktur og ei presentabel bygd er viktig for næringslivet og innbyggarane.
Venstre vil:
✔ Vere ein aktiv tilretteleggar for næringslivet med særleg fokus på landbruk og turisme
✔ Bruke næringsfondet aktivt, særleg for tiltak som bidreg utover seg sjølv
✔ Stimulere til utbygging av fibernett
✔ Setje i gang tiltak mot brunsneglen
✔ Etablere tømmestasjon for bubil og båtar
✔ Etablere hurtigladestasjon i Ulvik
✔ Ha strengare haldning til visuell forsøpling i nærområda
✔ Ha fartsregulerande tiltak i sentrum som trafikksikring
✔ Bruke Terje Breivik på Stortinget knytt til aktuelle saker i vår region